Hei alle! :) Denne veka skal eg berre jobbe fire dagar, riktignok fem vakter, så det vert jo full veke sånn sett, men lell. Eg trur faktisk det er fyrste gong sidan slutten av November at eg berre har fem vakter på ei veke, det skal bli så godt!
No er me faktisk ferdig i kjellaren, og me har lagt ut ny annonse på finn.no og på hybel.no, så får me berre sjå om det vert noko respons på den. Spennande! Eg synes ikkje sjølv at bileta eg tok gav leilegheita noko som helst rettferd. Den er så mykje finare enn den framstår der. Trur me må ta nye bilete i helja, når det er lyst ute. Kanskje setje ned nokre blomar og litt sånn, det blir nok bra.
|
Eg foran den nye veggen vår oppe! |
På fredag får me besøk av meklaren som solgte leilegheita vår, han skal gi oss ny verdivurdering av huset vårt. No når me har pussa opp å laga utleigedel håpar me at den kan stige nok i verdi til at me kan hente ut litt ekstra pengar til badet vårt. Rett fra eit prosjekt til neste. Me hadde eigentleg tenkt å vente til Thomas var ferdig med eksamen i vår før me byrja på badet. Men me kjenner begge at det kjem til å verta slitsomt å bruke badet oppe over lengre tid, så me skal prøva å komme igong så fort som mogleg, utan at me stressar med det sjølvsagt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar