mandag 19. mars 2012

NYTT SOVEROM

Idag har me flytta soverommet vårt, me har jo så god plass no så me kan ikkje sove for lenge på eit rom. Viktig og utnytte plassen godt. Det soverommet me har nytta så langt ligg vegg i vegg med det kommande badet vårt. Så no når me har byrja på rivinga fann me ut at me likesågodt kunne bytta rom. Me skal nemlig rive oss inn på soverommet via gangen, pluss at det er eindel vegghengte skap og sånn på soverommet som me vil ha vekk. Så medan Thomas tok ein tur på søpla fekk eg i oppgåve å rydde ut av walkin-rommet mitt. Så i det som skal bli "the master bedroom" eingong er det i skrivande augeblink det komplette kaoset. Thomas sine klede, mine klede, gjesteseng, to dører me har hekta av, pluss ein del av tinga me har hatt ståande på vaskerommet/det kommande badet. Det er unntakstilstandar, for og sei det slik.

Når eg likegreit var igong byrja eg på prosjekt flytte seng og gardinstangsak. Gardinstanga greide eg utan problem, men senga måtte eg ha hjelp til, den er så himla uhamskeleg. Men når me var to gjekk det heilt smertefritt (nesten). Thomas tykjer eg er rar som må ha svanane riktig veg i forhold til kor eg sjølv har hovudet om natta. Men eg trur faktisk ikkje eg hadde greid å sovna om dei ikkje var den samme vegen som meg sjølv, eg er rar sånn. Må ha ting på stell. Eg fekk sjølvsagt vilja mi og svanane sov no same veg som me gjer.

Eg fekk for meg at eg skulle pynta litt på rommet og då. Når eg var så godt igong på ein måte. Og det finaste eg kan tenkja meg er jo som dei fleste veit; sko. Stakkar Thomas, det vart eit noko jentete soverom, sånn går det når han slepp frøken laus aleine, mihiii :)

No er det neste på planen at me må finna ut korleis me vil gjennomføra prosjekt bad. Me er litt i tankeboksen på om det kan lønne seg å bruke enkeltpersonar, me har jo litt billigare materialer gjennom jobben til Thomas, der kan me handla baderomsinnreiing samt det som skal til i grunnarbeidet med og eventuelt forsterke golvet litt og setje opp nye veggar og nytt vindauge. Men så er det jo ulempen at det er vanskeleg å rekna seg fram til ca arbeidstimar på dei ulike fagmenna som skal inn (snekkar, røyrleggjar, flisleggjar og elektrikar). Dersom me leig inn eit firma så får me ein fastpris og kan forhalde oss til den. Å, det er ikkje så enkelt. Me får vel byrje med å hente inn prisar frå firma og høyre litt kva dei tenkjer. Uansett har me tenkt å gjer grunnarbeidet der inne sjølv (altså bruke ein byggmester me kjenner), og eventuelt levere vidare badet med ferdig golv og veggar, slik at dei berre kan byrje og leggje membran og fliser.

Spanande tider i vente. Eg gler meg SÅ til å få badet på plass :D


Eg har så dårleg kamera, vanskeleg å fanga stemningen liksom. Må få tak i noko anna enn mobilkamera snart.
Desse skapa skal VEKK.
Dei nydelege gardinene fulgte med oss inn på det nye soverommet. Leirskule FTW.
Litt sko i den enden og. Tre av desse skopara har eg faktisk fått av Thomas. Han er jammen god <3
Det gamle soverommet vårt.
Det nye soverommet vårt :)
Gler meg til å rive desse. Sjølv om eg tippar dei er vekke når eg kjem heim fra jobb imorgon. (Har dobbelvakt) :)

4 kommentarer:

  1. Flott med nytt soverom. Du får nok innkalle til en liten dugnad, operasjon, " før bad " det er nok mye som skal gjøres før " rørfolket" skal i arbeid. Jeg skulle ønske jeg kunne mer om praktisk trearbeid, men jeg er nok en teoretiker.Jeg kan bidra med å få systematisert julepynten i 4 etasje bla.... Det er sikkert noen jakker og sko som kan oppbevares i 4 etasje. Den etasjen kunne jeg tenkt meg, snakk om walkincloset...

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehehehe, JA!!! Eg trenge hjelp te å organisera "all" pynten. Synd at eg gjekk glipp av januarsalget i år (hihihihi) :P

      Slett
  2. Loftet kommer til å hete walkinoffice når jeg er ferdig med det :)

    SvarSlett