Det einaste som gjenstår no er lister og å setja opp vegg øvst i trappa. Det kan jo ikkje ta meir enn ein dag det? Kanskje me er klare allereie imorgon? Så spent på om det blir "smooth" å leige den ut, eller om den kjem til å liggje lenge ute. Me har jo allereie hatt den ute, og hatt eit par stk på visning, men då såg det grusomt ut der nede og det var nok vanskeleg, tilogmed for oss, å sjå for seg korleis det faktisk skulle bli. Så me tok den berre vekk igjen å bestemte oss for heller å prøve igjen når den var ferdig. Altså, no. Snart.
Eg veit ikkje om eg har skrive det her før, men låsen til ytterdøra i kjellaren er svært vanskeleg å handtera, eg greier iallfall ikkje å låsa den hverken opp eller igjen. Så dersom me kjem heim fra jobb imorgon, og dei har satt opp den veggen, så har me på mangen måtar eit lite problem, hehe, men berre eit lite eit. Hmm. Jaja, me får vel berre ha det ope der i nokre få dagar (ikkje sei det til nokon) fram til Thomas får fiksa opp i det. Handymannen, høhø:P
Ellers har eg vore på trening idag, veldig nøgd med det altså. Det var vekas andre økt, og igår var eg jo på jobb så då hadde eg jo ikkje sjans. Imorgon er det Zumba på plakaten og dersom eg er skikkeleg flink greier eg ei lita joggeøkt etter jobb på fredag og, men eg skal igrunn på fest då, så eg må sjå ann energinivået når dagen kjem :) Det er iallfall GODT å vera igong igjen!
Golvet er ferdig, straumen er kopla på, alle røyr er igong. Det er GOD stemning. |
Her kjem altså veggen. (Thomas kom opp akkurat i det eg tok bildet, trur han liker seg på bloggen:) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar