torsdag 1. mars 2012

FINE DAGAR

Det viktigaste når ein meldar seg inn i treningsenter trur eg må vera at det er i nærleiken. Det må vera lett tilgjengeleg, slik at ein greier å komme seg der så ofte som ein ønskjer. Etter at eg meldte meg inn i SIB har eg plutseleg fleire senter å velja mellom, i motsetnad til Actic, der eg berre hadde ett.

Eg trenar jo framleis mest i Lemkuhlhallen, som ligg nært der me budde før. Men det er ikkje så himla langt herfra heller, alt er jo eigentleg ganske tilgjengeleg når ein køyrer bil. Men eg har og eit treningsenter rett nedanfor der eg jobbar, og DET er berre gull. Som til dømes idag, køyrte ned rett etter jobb og var ferdig med ei herleg treningsøkt før klokka var halv fire (eg var ferdig på jobb 14.20 idag) Då eg kom heim her klokka fire hadde eg altså vore både på jobb, på trening og i tillegg hadde eg handla og. Snakkar me effektivt? Ja, takk :)

Eg kjenner motivasjonen er så plass når det kjem til treninga no, og eg håpar det varar. Når eg trenar blir trangen til å eta sunt mykje større og. Eg har liksom ikkje lyst på så mykje snop då, ikkje veit eg heilt kvifor. Så idag vart det laks og grønnsaksgrateng på menyen, å gjett om det smaka godt!

Plutseleg vart det eit treningsinnlegg ut av dette, hehe, dette skal jo vera ein husblogg. Jaja, det går vel greit???

Men for å snakka litt om huset og så har altså elektrikaren vore her idag og ordna med nokre stikkontaktar, det er ingen tvil om at det byrjar og ta form der nede no. Tenk, imorgon byrjar me på golvet. Me har og satt ned alle kjøkkengreiene idag, det var digg. Imorgon blir det husvask på meg, for å sei det slik. Endeleg har eg fått stua mi tilbake. Det skal seiast at eg har tjuvstarta litt på helgevasken allereie idag, eg berre måtte ta litt oppe i andre etasjen og trappa. Gipsstøv og svart trapp, eg berre seier det.


Kaoset er flytta ned ein etasje. TJOHEI.
Sjekk her då! Stikkontaktar og greier :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar