På fredag var me i doktorgradsmiddag for å feire at ein venn av oss hadde blitt dokor, eller han var iallfall ferdig med sin doktorgrad. Det er imponerande saker det altså, og fantastisk kjekt å få vera med på feiringa. Ein meget vellukka kveld med mykje gode talar, godt i glaset og god mat.
Igår var det jobb igjen for min del. Nok ein travel dag på Rema 1000, hehe. Så vart det berre sofaen og ein tidleg kveld etter det. Godt med ei litt roleg helg og innimellom.
Før eg gjekk på arbeid igår hadde med ein kar på befaring i samband med badet vårt oppe. Me har avtala befaring med eit par andre og, så den siste befaringa trur eg blir i veka etter påske. Eg trur me satsar på å ha badet klart til 1. Juni, og det skulle ikkje vera noko problem for han som var her igår iallfall. Eg er så spent på å få svar på kva dei antek at dette vil koste. Ein høyrer jo så mykje, nokon har fått laga nytt bad for 150 000 medan nokon måtte betale 300 000. Det kjem jo sjølvsagt an på kor stort badet er, korleis utgongspunktet er og sjølvsagt kva firma ein velger.
Eg las faktisk ein artikkel i Bergens Tidende idag om at det vert gjort mykje feil i rehabiliteringsprosjekt, og at handverkarar brukar mykje tid på å "sjekke" det arbeidet som er gjort før dei sjølv skal igong, dette spesielt i samband med våtrom. Eg trur det er viktig og å ikkje berre gå etter pris men og tenkje på at arbeidet må bli utført på ein god og profesjonell måte. Dersom nokon haster seg og ikkje gjer skikkeleg arbeid kan det komme til å koste mykje meir enn ein først hadde tenkt. Best å halde augene opne for useriøse aktørar.
Så går jo dagane ellers i å rive litt oppe, no er det gamle soverommet vårt heilt ribba og me er godt igong på kjøkkenet/badet og.
Det er mykje spanande små rom her i huset. |
Og dette befinn seg på kjøkkenet/badet. |
Kjærastepar på vift. |
Og nok ein lekker tapet har atter ein gong sett dagens ljos. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar