søndag 18. mars 2012

1965

Helga nermar seg slutt for denne gong. Dei går så himla fort. Denne helga har eg hatt ein ekstra dag fri frå jobb og, det var deilig. Eg er fortsatt sjuk då, så det ser ut som eg må krypa til korset og ringe legen imorgon, for no er eg (og sikkert alle rundt meg, hehe) l-e-i.

Men nok om det. Denne helga har vore så utruleg kjekk. Eg har fått gjort så mykje, og vore med så mykje fine folk, både vennar og familie. Har hatt ein skikkeleg kvalitetsdag med mamma idag, henta ho litt over tolv, og kom heim no for ein time sidan. Me har vore på VilVite-senteret med den vetle kusina mi, Sofie. Og det var jaggu kjekt for både liten og stor det ja. Etter det tok me ein tur inn til sentrum for å spisa middag og litt is. Og derretter ein tur innom til tante og onkel då me skulle levera tilbake den vetle kusina me hadde lånt for dagen <3 Så har eg vore med mamma til mormor og morfar etter det. Og der dukka jaggu den andre søstra til mamma opp og, så dette har vore ein dag fylt med familie, og det kan eg verkeleg like.

Då eg kom heim igjen i det vakre huset vårt viste det seg at den vakre mannen min har stått på her idag og. Han er så himla flink. Det som har stått på agendaen hans idag er riving i samband med badet. Og der har han funne mykje artig. Han byrja i gangpartiet utanfor badet, og har rive vekk både golv veggar og tak. Så no er me komme ned til det me antar er golvet frå 1929, og inntil det me antar er veggane og taket frå same tid. Gøy!
Bergens Tidende fra 1965 - artig!!!
Det er jo akkurat som å vera på skattejakt jo.
Mykje artig lesestoff.
Litt vanskeleg å sjå her kanskje. Men golvet har ein ganske flott raud/brun farge. Litt som døra.
Og ja, det skjulte seg plutseleg ei dør bak veggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar