fredag 30. mars 2012

PÅSKE

Påsken er igong, og for mange tyder dette ferie. Vel, me skal jobba, men klagar ikkje av den grunn. Eigentleg hadde me skikkeleg lyst til å dra sørover i påska, men slik gjekk det altså ikkje i år. Kanskje me får tatt oss ein tur når Thomas er ferdig med eksamen og slikt!

Thomas jobbar man-ons medan eg jobbar man-ons + laurdag. Dei dagane me begge har fri skal me nytta til å riva på badet. Thomas hadde snekkaren vår på besøk igår, for å spørje om litt diverse i samband med riving og så skal me skifta alle vindauga på badet vårt oppe. Det vert tre stykk til saman, to små og eit vanleg. Det er så spanande dette med badet!

Sidan sist har me spikra sumarferie og. Me tek oss nokre veker i juli/august (berre ei veke saman) litt på sørlandet og litt her etter planen. I september blir det tur til Kypros som vanleg, og Thomas skal vera med i år. Det blir kjekt. Eg gler meg til han skal få treffa alle saman der, vår vetle Kypros-familie. Det er rart med det kor glad ein blir i menneske som ein kun treff ei veke i året <3
Det finaste og klaraste vatnet.
Eg gler meg! :D

onsdag 28. mars 2012

NY HATT

Eg skal på hattefest på laurdag, i bursdag til ei venninne. I den anledning har eg tenkt litt på at me faktisk ikkje har ein einaste hatt i huset, og det måtte me jo gjera noko med. Så igår fekk med oss ein ny hatt her i huset. Men det er ikkje sikkert det er så enkelt å setja den på hovudet, den står nemleg på pipa. Ny pipehatt.

Thomas synes det var viktig å dekja til pipa vår. Eg er i grunn einig. Eg har jo ikkje så god greie på den slags då, men tanken på at regn og snø berre dett direkte i pipa er jo ikkje positiv. No er den dekja til, og den har fått sånn fænsy sak som snurrar på toppen. Stor stas i heimen kan de sei.

Ellers har me hatt ein rolig dag idag, det er godt innimellom. Eg hadde meg ein liten kvil på sofaen etter middag då det plutseleg ringte på døra. Eg tenkte berre; hjelp, kven kan det vera? Så viste det seg at det var to skjønne gutar som solgte lodd. Guri så kjekt. Livet i Nygjerdet <3

Så kom eg til å tenkja på at eg ikkje kan hugsa å ha lagt ut bilete av kjøkkenet her. Så eg har knipsa nokre bilete no.

Ha ein nydeleg kveld folkens! Det skal iallfall me:)


Kjøkkenet vårt ein ein blanding av gammalt og nytt.
Gamle skap som er mala og med nye handtak. Fin benkeplate i stein.
Nydeleg blomsterpotte, eg fekk den i innflyttingsgåve av ei venninne. Eg har faktisk sett på denne LENGE. Elskar den :) Tusen takk!!!
Så har me ein benk som skiller kjøkken fra spisestue. Skap over med dobledører, altså dører på begge sider. Praktisk! :D

mandag 26. mars 2012

FJASERI

Det er mandag idag, og det kanskje ikkje alle veit om meg er at eg som regel er passe fjasete på mandagar, dette av den enkle grunn: lite søvn. Folk seier ein er så utkvilt etter helga, og det kan så vera det, men eg greier som regel aldri å komme meg i seng sundagskvelden. Så mandagar er artige og rare dagar for meg, og dei rundt meg og avogtil.

Så eg og Thomas har fjasa oss heile vegen til BIR på Møllendal og tilbake. Ein må jo kvitta seg med litt boss og undervegs. Skal.Ikkje.Enda.Opp.Med.Ein.Hage.Full.Av.Boss.

Me har og vore å fjasa med Kristina på Rema 1000, veldig koselig. Fekk handla inn litt mat i samme slengen og, ikkje verst. Så framover skal me eta sunne og gode middagar igjen. Det er ikkje kvardagskost lenger, dessverre. Men snart er det back on the track med sunn mat, mykje trening og det som er. Gler meg til det.

No skal eg fjase foran tven litt, viss eg hugsar korleis eg skrur den på då, hehe, neida, så gale er det ikkje altså. Det er ikkje det altså, altså.

Det er berre fjas i hovudet mitt idag. Eg er fjasete. Så eg legg med nokre bilete frå fjaseBIR så lar me det berre vera med det idag :)


Det viktigaste er jo at me kosar oss, og DET gjer me jo!:)
Hejheeeej!!!!
Dagens fangst, evt antifangst :)

søndag 25. mars 2012

LITT NYTT

Ja, då var det tida for ei lita oppdatering fra vår front. Det er sundag, ein herleg dag. Det har vore tre nydelege dagar her i Bergen no, sola skin frå nesten skyfri himmel, eg kan ikkje hugsa sist det skjedde her. No kjenner eg at eg gler meg så mykje til sumaren kjem. Håper det blir mykje fint ver, så ein kan gå mykje i fjellet og ikkje minst stella mykje i hagen.

På fredag var me i doktorgradsmiddag for å feire at ein venn av oss hadde blitt dokor, eller han var iallfall ferdig med sin doktorgrad. Det er imponerande saker det altså, og fantastisk kjekt å få vera med på feiringa. Ein meget vellukka kveld med mykje gode talar, godt i glaset og god mat.

Igår var det jobb igjen for min del. Nok ein travel dag på Rema 1000, hehe. Så vart det berre sofaen og ein tidleg kveld etter det. Godt med ei litt roleg helg og innimellom.

Før eg gjekk på arbeid igår hadde med ein kar på befaring i samband med badet vårt oppe. Me har avtala befaring med eit par andre og, så den siste befaringa trur eg blir i veka etter påske. Eg trur me satsar på å ha badet klart til 1. Juni, og det skulle ikkje vera noko problem for han som var her igår iallfall. Eg er så spent på å få svar på kva dei antek at dette vil koste. Ein høyrer jo så mykje, nokon har fått laga nytt bad for 150 000 medan nokon måtte betale 300 000. Det kjem jo sjølvsagt an på kor stort badet er, korleis utgongspunktet er og sjølvsagt kva firma ein velger.

Eg las faktisk ein artikkel i Bergens Tidende idag om at det vert gjort mykje feil i rehabiliteringsprosjekt, og at handverkarar brukar mykje tid på å "sjekke" det arbeidet som er gjort før dei sjølv skal igong, dette spesielt i samband med våtrom. Eg trur det er viktig og å ikkje berre gå etter pris men og tenkje på at arbeidet må bli utført på ein god og profesjonell måte. Dersom nokon haster seg og ikkje gjer skikkeleg arbeid kan det komme til å koste mykje meir enn ein først hadde tenkt. Best å halde augene opne for useriøse aktørar.

Så går jo dagane ellers i å rive litt oppe, no er det gamle soverommet vårt heilt ribba og me er godt igong på kjøkkenet/badet og.
Det er mykje spanande små rom her i huset.
Og dette befinn seg på kjøkkenet/badet.
Kjærastepar på vift.
Og nok ein lekker tapet har atter ein gong sett dagens ljos.

torsdag 22. mars 2012

SJUK.NO

Det var godt denne hanglinga mi endeleg kunne springe ut i noko, så no ventar eg berre på at eg skal bli frisk som ein fisk. Har holdt senga både igår og idag. Gler meg til å bli back on track igjen, det er jo så mykje kjekt som skjer.

Thomas har lagt ut baderomsjobben vår på mittanbud.no og me har allereie avtala befaring. Ikkje før litt ut i april då. Men kjekt er det iallfall å vera igong. Eg hadde forresten heilt rett angåande dei skapa på det gamle soverommet vårt. Då eg kom heim frå arbeid på tirsdag var dei vekke. Og jaggu skjulte det seg ikkje ei dør bak der og. Inni det eg kalla "Narnia-skapet", artig. Så no må me setja oss ned eindag og prøve å verta einige om planløysinga oppe. Medan eg har lagt her og vore sjuk har eg fått ein knakande god ide om korleis eg ser det for meg, så gjenstår det å sjå om den finaste mannen er einig.

Idag skal me ha ein visning på kjellaren og, men eg prøver å ikkje ha for høge forventningar til det. Det er den første visninga etter den stod ferdig då. Så me får sjå korleis det går. Det hadde vore utruleg skjønt å få leigd den ut snart, så kan eg gå tilbake til å berre ha ein jobb, byrja med trening igjen, og få litt meir overskot og sånn.

No er det berre litt over ei veke att til Påske. Eg hugsar påsken ifjor, då var me på hytta på sørlandet og det var skikkeleg sumar, heilt herleg. I år blir det nok bergen-påske på oss, sidan eg skal jobbe man-ons pluss påskeafta. Så det blir nok å nytta fridagane til å jobba med badet, og kanskje stelle litt i hagen? Kven vei. Men eg gler meg iallfall, til nokre dagar med friiii :)


Gøygøy!
Gamle golvbord.
Og enda ei dør. Denne trur eg går inn i på det som skal bli badet vårt etterkvart. Blir spanande og sjå når me finn den att p andre sida!

mandag 19. mars 2012

NYTT SOVEROM

Idag har me flytta soverommet vårt, me har jo så god plass no så me kan ikkje sove for lenge på eit rom. Viktig og utnytte plassen godt. Det soverommet me har nytta så langt ligg vegg i vegg med det kommande badet vårt. Så no når me har byrja på rivinga fann me ut at me likesågodt kunne bytta rom. Me skal nemlig rive oss inn på soverommet via gangen, pluss at det er eindel vegghengte skap og sånn på soverommet som me vil ha vekk. Så medan Thomas tok ein tur på søpla fekk eg i oppgåve å rydde ut av walkin-rommet mitt. Så i det som skal bli "the master bedroom" eingong er det i skrivande augeblink det komplette kaoset. Thomas sine klede, mine klede, gjesteseng, to dører me har hekta av, pluss ein del av tinga me har hatt ståande på vaskerommet/det kommande badet. Det er unntakstilstandar, for og sei det slik.

Når eg likegreit var igong byrja eg på prosjekt flytte seng og gardinstangsak. Gardinstanga greide eg utan problem, men senga måtte eg ha hjelp til, den er så himla uhamskeleg. Men når me var to gjekk det heilt smertefritt (nesten). Thomas tykjer eg er rar som må ha svanane riktig veg i forhold til kor eg sjølv har hovudet om natta. Men eg trur faktisk ikkje eg hadde greid å sovna om dei ikkje var den samme vegen som meg sjølv, eg er rar sånn. Må ha ting på stell. Eg fekk sjølvsagt vilja mi og svanane sov no same veg som me gjer.

Eg fekk for meg at eg skulle pynta litt på rommet og då. Når eg var så godt igong på ein måte. Og det finaste eg kan tenkja meg er jo som dei fleste veit; sko. Stakkar Thomas, det vart eit noko jentete soverom, sånn går det når han slepp frøken laus aleine, mihiii :)

No er det neste på planen at me må finna ut korleis me vil gjennomføra prosjekt bad. Me er litt i tankeboksen på om det kan lønne seg å bruke enkeltpersonar, me har jo litt billigare materialer gjennom jobben til Thomas, der kan me handla baderomsinnreiing samt det som skal til i grunnarbeidet med og eventuelt forsterke golvet litt og setje opp nye veggar og nytt vindauge. Men så er det jo ulempen at det er vanskeleg å rekna seg fram til ca arbeidstimar på dei ulike fagmenna som skal inn (snekkar, røyrleggjar, flisleggjar og elektrikar). Dersom me leig inn eit firma så får me ein fastpris og kan forhalde oss til den. Å, det er ikkje så enkelt. Me får vel byrje med å hente inn prisar frå firma og høyre litt kva dei tenkjer. Uansett har me tenkt å gjer grunnarbeidet der inne sjølv (altså bruke ein byggmester me kjenner), og eventuelt levere vidare badet med ferdig golv og veggar, slik at dei berre kan byrje og leggje membran og fliser.

Spanande tider i vente. Eg gler meg SÅ til å få badet på plass :D


Eg har så dårleg kamera, vanskeleg å fanga stemningen liksom. Må få tak i noko anna enn mobilkamera snart.
Desse skapa skal VEKK.
Dei nydelege gardinene fulgte med oss inn på det nye soverommet. Leirskule FTW.
Litt sko i den enden og. Tre av desse skopara har eg faktisk fått av Thomas. Han er jammen god <3
Det gamle soverommet vårt.
Det nye soverommet vårt :)
Gler meg til å rive desse. Sjølv om eg tippar dei er vekke når eg kjem heim fra jobb imorgon. (Har dobbelvakt) :)

søndag 18. mars 2012

1965

Helga nermar seg slutt for denne gong. Dei går så himla fort. Denne helga har eg hatt ein ekstra dag fri frå jobb og, det var deilig. Eg er fortsatt sjuk då, så det ser ut som eg må krypa til korset og ringe legen imorgon, for no er eg (og sikkert alle rundt meg, hehe) l-e-i.

Men nok om det. Denne helga har vore så utruleg kjekk. Eg har fått gjort så mykje, og vore med så mykje fine folk, både vennar og familie. Har hatt ein skikkeleg kvalitetsdag med mamma idag, henta ho litt over tolv, og kom heim no for ein time sidan. Me har vore på VilVite-senteret med den vetle kusina mi, Sofie. Og det var jaggu kjekt for både liten og stor det ja. Etter det tok me ein tur inn til sentrum for å spisa middag og litt is. Og derretter ein tur innom til tante og onkel då me skulle levera tilbake den vetle kusina me hadde lånt for dagen <3 Så har eg vore med mamma til mormor og morfar etter det. Og der dukka jaggu den andre søstra til mamma opp og, så dette har vore ein dag fylt med familie, og det kan eg verkeleg like.

Då eg kom heim igjen i det vakre huset vårt viste det seg at den vakre mannen min har stått på her idag og. Han er så himla flink. Det som har stått på agendaen hans idag er riving i samband med badet. Og der har han funne mykje artig. Han byrja i gangpartiet utanfor badet, og har rive vekk både golv veggar og tak. Så no er me komme ned til det me antar er golvet frå 1929, og inntil det me antar er veggane og taket frå same tid. Gøy!
Bergens Tidende fra 1965 - artig!!!
Det er jo akkurat som å vera på skattejakt jo.
Mykje artig lesestoff.
Litt vanskeleg å sjå her kanskje. Men golvet har ein ganske flott raud/brun farge. Litt som døra.
Og ja, det skjulte seg plutseleg ei dør bak veggen.

fredag 16. mars 2012

FRI IDAG

Heihei. Då har eg endeleg komme meg over fadesen på onsdag. Eg hadde brukt SÅ lang tid på å laga nytt blogginnlegg, for så å greie og slette alt saman. Keisamt. Eg hadde prøvd å endra innstillingane på styreflata mi, men innsåg jo fort at det ikkje funka, så no har eg endra tilbake.

Som overskrifta tilseier, så har eg altså fri idag. Det kjennes sånn passe herleg, kan du sei. Igår var eg på jobb heile dagen, og det var ikkje feil og setje alarmen på klokka TI istadanfor klokka seks. Grunnen til at eg tok meg ut ein feriedag er så enkel som at eg treng tid til å vaska huset. No har eg prøvd i over ei veke, men det blir jo aldri gjort.

Idag får me jo besøk av meklaren. Greit at huset er i sånn passe stand då tykjer eg. Pluss at imorgon får eg besøk av nokre venninner, ho eine skal sjå huset for første gong. Då er det jo viktig å vise det fra si beste side. Ikkje nok med det, så kjem verdas finaste mamma til Bergen i helja og. Dette må jo berre bli ei SUPERHELG!

Medan eg var på jobb igår, stod Thomas som vanleg på her i heimen. Eg trur me seier oss offisielt ferdig med kjellaren no, det kjennes godt. No er både omnar, gardinstenger og røykvarsler på plass, det einaste som kunne vore gjort no var å hengje eit forheng opp over trappa. Men Thomas er ikkje heilt for det, så det får vel berre vera :) Så tusen takk til alle som har hjulpe oss undervegs med både det eine og det andre. Det sett me stor pris på.

Eg gler meg allereie til neste prosjekt no! Det er alltid så kjekt å starte på noko nytt! :D
Eit heilt ferdig kjøkken!
Passe mørkt bilete, men de kan såvidt skimta omn og gardinstang.
Det vart veldig fint med kjøkkenplater, eller kva det no heiter:)
Mykje flotte trapper i dette huset.
Eit litt lysare soverom.

tirsdag 13. mars 2012

FORRESTEN



http://www.finn.no/finn/realestate/lettings/object?finnkode=33694926

Her er forresten lenkja til den flotte leilegheita. :) Del gjerne med venner og kjente.

Fin kveld til alle. :)

HALVVEGS TIL HELG

Hei alle! :) Denne veka skal eg berre jobbe fire dagar, riktignok fem vakter, så det vert jo full veke sånn sett, men lell. Eg trur faktisk det er fyrste gong sidan slutten av November at eg berre har fem vakter på ei veke, det skal bli så godt!

No er me faktisk ferdig i kjellaren, og me har lagt ut ny annonse på finn.no og på hybel.no, så får me berre sjå om det vert noko respons på den. Spennande! Eg synes ikkje sjølv at bileta eg tok gav leilegheita noko som helst rettferd. Den er så mykje finare enn den framstår der. Trur me må ta nye bilete i helja, når det er lyst ute. Kanskje setje ned nokre blomar og litt sånn, det blir nok bra.

Eg foran den nye veggen vår oppe!
På fredag får me besøk av meklaren som solgte leilegheita vår, han skal gi oss ny verdivurdering av huset vårt. No når me har pussa opp å laga utleigedel håpar me at den kan stige nok i verdi til at me kan hente ut litt ekstra pengar til badet vårt. Rett fra eit prosjekt til neste. Me hadde eigentleg tenkt å vente til Thomas var ferdig med eksamen i vår før me byrja på badet. Men me kjenner begge at det kjem til å verta slitsomt å bruke badet oppe over lengre tid, så me skal prøva å komme igong så fort som mogleg, utan at me stressar med det sjølvsagt.

søndag 11. mars 2012

EIN DAG ATT

Hei! Ein kan ikkje anna enn å beklage for litt laber blogging dei siste dagane, det har vore litt hektisk, samtidig som eg ikkje er i form i det heile tatt. Håper det går over snart, og at energien kan komme tilbake. Målet for dagen er eigentleg berre å vaske golva her i heimen, greier eg det skal eg igrunn vera nøgd :)

Thomas er igong i kjellaren, idag har han skifta låsen på ytterdøra (så no kan dei berre stengje att her) hengt opp brannvarslar og panelovnar. Flink er han! Det er rart å tenkja på, men etter planen skal me faktisk bli heilt ferdig med kjellaren imorgon. Då kjem snekkarane og dei skal henga opp ventilatoren over komfyren og stengja att mellom etasjane. Ein-to-tre-ferdig. Det har jammen gått fort. :)

Slik såg det ut då me overtok, minus senga.

Litt dårleg kvalitet på bileta mine, men de ser jo forskjellen?
Og ikkje minst golvet, her var det faktisk teppefliser då me overtok. Need I say more? :) No er det iallfall nydeleg parkett.

torsdag 8. mars 2012

LISTARBEID

Det og leggje lister er nok ein litt meir innvikla jobb enn eg ville ha det til igår. Men det blir jo knallfint og då, flinke snekkeren :)

Eg har jo som vanleg ikkje sett listene før dei kom på plass, og nok eingong har den flotte mannen min imponert meg med sine eigenskapar innanfor oppussing. Han hadde valgt ut nokre enkle, men flotte lister i eik til soveromma, og nokre kvite kombilister til stuedelen. Eg kunne ikkje valgt betre sjølv, for å seie det sånn. Det kjennes litt ut som eg berre skriv at Thomas gjer ditt, og Thomas gjer datt. Ikkje tru at eg er ei lat jente som ikkje hjelp til altså, men avtalen vår var litt at eg jobbar på Rema og steller i huset, så ordnar han i kjellaren. Det er jo ikkje så mykje me gjer der nere sjølv heller, mest rydding og sånn for tida. Ellers er det jo snekkeren som står for det meste av arbeidet, sånn sett :)

No når det nærmar seg slutten på det første prosjektet vårt, kan eg jo sei litt om korleis det har gått. Alle seier jo at oppussing er ein utfordring for alle forhold, og eg må jo sei eg har vore innmari spent på korleis det skulle gå med oss. Men det har altså gått over all forventning, og me har stort sett vore einige på alle punkt. Eg trur nok at litt av grunnen til det er at me har leigd inn folk til å gjera det meste. Det hjelp nok på, istadanfor å stå og knote med all slags greier me ikkje kan/får til. I tillegg har me jo vore litt obs på at me ikkje skulle bli uvenner over teite ting som kva farge me skal ha på veggen eller kva handtak me skal ha på kjøkkeninnreiinga. Så nøkkelen til ei herleg oppussingstid saman, er rett og slett å ikkje vera for sta, men heller gi litt og ta litt, og det gjeld sjølvsagt begge veier. Så er det og veldig viktig å planleggja godt, til dømes; ta ein tur inn på Ikea.no FØR ein reiser ut til butikken for å handle, finn ut kva ein skal ha, istadanfor å gå rundt å vera ueinige på butikken, det er SÅ keisamt. Snakke mykje saman, vera einige om noko og ueinige om andre ting, utan at ein treng å lage sak ut av det heile tida, alt ordner seg :)

Eg er veldig spent på korleis det skal gå når me byrjer på badet, det skal me jo faktisk bruke sjølv, så der er det viktig at me får det slik begge vil ha det. Eg har leita litt etter innreiing til badet, og det einaste eg har funne som eg virkeleg liker er faktisk fra Ikea, og Thomas seier han eigentleg ikkje bryr seg så veldig, bare så lenge det ikkje er fra Ikea, hehe. Men det skal nok løyse seg det, heldigvis god til på oss til å finne ut av det, me ser ikkje for oss at me får byrja på badet før kanskje i starten på juni. Er mykje som må ordnast og planleggjast først. Me må setta opp budsjett, ha litt folk på anbud osb.

Får nok runde av her for ikveld. Sleng med nokre bilete av litt listverk. :)
Kombilister i stua.
Eikelister på soveromma.
Closeup.
The happy couple <3 (Dog eit gamalt bilete frå då me just hadde overteke huset)

onsdag 7. mars 2012

SNART FERDIG

Folkens! No ser eg faktisk enden på dette, ikkje at det har vore så "hardt" å pussa opp altså. Men det er jo alltid godt å avslutte eit prosjekt, for då kan ein hive seg over neste, som i vårt tilfelle er BADET, og det folkens, DET gler eg meg til! Iallfall til det står ferdig, hehe.

Det einaste som gjenstår no er lister og å setja opp vegg øvst i trappa. Det kan jo ikkje ta meir enn ein dag det? Kanskje me er klare allereie imorgon? Så spent på om det blir "smooth" å leige den ut, eller om den kjem til å liggje lenge ute. Me har jo allereie hatt den ute, og hatt eit par stk på visning, men då såg det grusomt ut der nede og det var nok vanskeleg, tilogmed for oss, å sjå for seg korleis det faktisk skulle bli. Så me tok den berre vekk igjen å bestemte oss for heller å prøve igjen når den var ferdig. Altså, no. Snart.

Eg veit ikkje om eg har skrive det her før, men låsen til ytterdøra i kjellaren er svært vanskeleg å handtera, eg greier iallfall ikkje å låsa den hverken opp eller igjen. Så dersom me kjem heim fra jobb imorgon, og dei har satt opp den veggen, så har me på mangen måtar eit lite problem, hehe, men berre eit lite eit. Hmm. Jaja, me får vel berre ha det ope der i nokre få dagar (ikkje sei det til nokon) fram til Thomas får fiksa opp i det. Handymannen, høhø:P 

Ellers har eg vore på trening idag, veldig nøgd med det altså. Det var vekas andre økt, og igår var eg jo på jobb så då hadde eg jo ikkje sjans. Imorgon er det Zumba på plakaten og dersom eg er skikkeleg flink greier eg ei lita joggeøkt etter jobb på fredag og, men eg skal igrunn på fest då, så eg må sjå ann energinivået når dagen kjem :) Det er iallfall GODT å vera igong igjen!



Golvet er ferdig, straumen er kopla på, alle røyr er igong. Det er GOD stemning.
Her kjem altså veggen. (Thomas kom opp akkurat i det eg tok bildet, trur han liker seg på bloggen:)

mandag 5. mars 2012

VÅRTEIKN

Du veit at det nærmar seg vår når dei byrjar å spire i hagen, ingen tvil om det! :)

Idag har eg endeleg fått vaska litt i kjellaren, det var på tide, det blir altså så mykje støv når ein pussar opp, og det legg seg ikkje berre ein plass, men i heile huset. Tilogmed på loftet. Men no byrjar eg heldigvis å få det under kontroll igjen, det var her ei lita stund eg lurte på om eg nokon gong kom til å klare å få det reint her igjen.

Igår fekk eg forresten endeleg rydda ut siste rest av kjøkkentinga. Det er heilt utruleg for eit tiltak små, enkle ting avogtil kan vera. Men no er det endeleg gjort, og godt er det. Smoothiemaskinen er komen på plass på kjøkkenbenken og gler seg til å verta brukt mykje! No når våren er på veg er det så himla friskt og godt med smoothie. Angåande vårteikn, så har det faktisk byrja å spire i beda våre, skikkeleg kjekt. Friske og flotte fargar :D

Imorgon er det dobbelvakt, så eg kjem tilbake med meir på onsdag!

søndag 4. mars 2012

DAGEN DERPÅ

Tenk at helga er over allereie? Dei går så altfor fort for tida. Dette har vore ei utruleg fin helg, eg har vore mykje med vener, mamma og pappa har vore på besøk og me har fått gjort mykje i kjellaren.

Det som gjenstår nede no er igrunn berre småplukk, som til dømes å henga opp ventilatoren, setja på plass vasken, kobla i vaskemaskin/komfyr/kjøleskap etc, få på plass stikkontaktar, legge siste rest av golv (snekkaren må fikse det) og listing. Så har me sjølvsagt litt maling igjen og, me hadde i utgongspunktet tenkt å mala dørene nede kvite, men så er me litt usikre på om me skal gidda, rett og slett. Det er jo igrunn fint sånn som det er og.

Imorgon er vel planen at elektrikaren skal komma, Thomas har tenkt seg eintur på søpla og eg skal vaska og på trening. Det gjekk ikkje kjempebra med helgevasken for å sei det slik, hehe, fekk jo gjort litt på fredag, men igår rakk eg ikkje noko ting og idag har eg berre vore for slapp, me var jo trass alt ute med fine vener igår:) Det er jo skikkeleg deilig og berre gi litt blaffen avogtil å slenga på sofaen.
Fine blomar i den koselege spisestua vår <3
Det blir mykje boss når ein pussar opp!
Difor er det HIMLA praktisk med den gode varebilen slik at me kan få unna ting undervegs. Det verste eg veit er folk som berre lar det liggja og flyta over med boss i hagen! No can do altså :)

lørdag 3. mars 2012

FRAMGONG

For ein effektiv dag me har hatt idag. Mamma og pappa kom i tolv tida, og sidan har det jammen gått i ett. Pappa har ordna mykje taklampar for oss, Thomas har lagt golv, medan meg og ho mor har stått på kjøkkenet å baka. Mamma har jo bursdag på tirsdag, så me hadde oss ei lita feiring her med muffins, rullekake og gave i "lunsjpausen".

Ikeagreier er jo eit eventyr å begi seg ut på, men kjøkkenet nede kom no saman på eit vis, hehe. Og no er det nesten slik at eg ikkje har lyst å leiga ut lengre, men heller bu der sjølv, det er faktisk blitt mykje finare der nede enn eg hadde trudd på førehand.

Så tusen takk for kjempegod hjelp idag til mamma og pappa - dåke e best <3 :)


Velkommen!
Guten er flink til å tilpasse golv.
Lampe i taket.
Sjekk her då. Skjedd litt her sida me starta eller? :)
Nøgd huseigar!
Nye lampar på badet måtte til.
Ein får iallfall eit visst inntrykk av korleis det har blitt, trass alt rotet. :)