Endeleg greide eg å fanga det nydelege smilet hans på eit bilete. |
Denne veka har stort sett gått med til trilleturar og trening og vekta kryp sakte men sikkert nedover, endeleg. Det var ikkje så lett å komma igong som eg såg for meg då eg gjekk gravid, men guri kor herleg det er å trene igjen. Det er seks veker sidan eg starta på an igjen og no kjennes det ut som eg er skikkeleg igong. Thomas er snill og tar seg av guten nokre ettermiddagar slik at eg kan ta turen bort på Elixia. Det beste treningsenteret eg har vore på til no, elskar det!!
Han er nemleg i supergodt humør for tida, og smilar mykje!!! <3 :-) |
I helga som kjem skal me i bryllup til ei god venninne av meg heime på Stord, så då går turen sørover igjen gitt. Det har blitt mykje Stord på meg i det siste, me får sei at eg tar igjen for det siste året då det har vore dårleg med turar på meg :-) Det blir spanande å vera vekke frå Aksel nesten ein heil dag, men eg veit jo at han er i dei beste hender, så det går nok fint. No skal eg bare ete litt frukost før eg skal ut å trille med ei venninne, hurra! :-)
For ein gladgut!! SØØØØØØØØT <3<3<3<3
SvarSlettUtrulig fint smil! Og kjenner igjen at det er utrulig vanskelig å få tatt bilde av ;)
SvarSlett