Då var pinsehelga over for denne gong, og for ei fantastisk helg det har vore. Me har fått gjort alt me hadde tenkt ute i hagen og meir til (framleis litt igjen sjølvsagt), me har fått mala det me skulle, eg har vore på trening eit par gonger og Thomas har vert ein tur på byen. I tillegg har me kosa oss gløgg med vetle Aksel og pusane.
Det har vore knallver heile helga, litt i varmaste laget for litleguten, men akkurat fint for oss vaksne. Igår etter Aksel var lagt satt me ute og kosa oss på den nye benken til klokka var omlag halv ti, i berre shorts og singlet liksom. Smaken av sommer.
Idag har me slappa av, Thomas har mala litt og eg har vore på trening. Aksel har for det meste sove, spist og leika. Tidleg på ettermiddagen tok me oss ein liten trilletur nedover mot Laksevåg Kyrkje, det er så mykje fine og spanande hus å sjå på her på Laksevåg, skikkeleg kjekt. Sjølv om me har budd her i snart halvanna år er det framleis vanskeleg å tru på at me eig vår eige hus, så sprøtt!
|
Aksel kvilar i skuggen. |
|
Mor kvilar i sola etter trening :) |
No har me akkurat ete middag og ventar på at Brannkampen skal starte på TV, kanskje skal dei endeleg få ein bortesiger idag? Me får sjå :-)
|
Blacky kikkar på ein av nabokattane! |
Imorgon startar ei ny veke, og på laurdag går kursen mot Stord igjen for meg og Akselguten :)
|
Ein må slappa av litt innimellom også :) |
|
Middag på gong. Eg var så hekta på graut i slutten av svangerskapet, og framleis er eg meir enn gjennomsnittet begeistra for det, stakkar Thomas :P |
Det var stoorkos å væra på besøk♥
SvarSlettDa va heilt fantastisk å ha dåke her, så godt å sjå dåke <3 Og heldigvis ikkje lenge til neste gong!!!! :D:D:D:D:D
Slett