fredag 10. mai 2013

UT PÅ TUR, ALDRI SUR

Hei alle saman! Idag er det fredag, favorittdagen! Sjølv om eg er i permisjon er det noko spesielt med fredagar, det betyr at Thomas skal vera heime med oss i to dagar, og det er alltid kjekt!

Denne veka har eg brukt på å slappe av, det trengte eg etter forrige veke som var noko hektisk! Så eg og Aksel har bar kosa oss her heime og vore på nokre trilleturar. Eg har med andre ord fått testa regntrekket til vogna, hehe.

I det siste har Aksel sovna mellom åtte og halv ni, flinke guten, så ikveld skal eg faktisk prøve å gå ut ein liten tur etter han har sovna, det blir spanande, og rart. Det er liksom sånn no at når Aksel er lagt så berre gler eg meg til me og skal legga oss, for då kan eg sjå litt meir på guten først. Verdas vakraste gut <3 






1 kommentar:

  1. Godt sovehjerta på guten ;) og som alltid; han er nydelig!

    SvarSlett