Me hadde ein fantastisk dag igår, og guten er endeleg døypt. Eg er skikkeleg glad for at me gjorde det og sjeldan har eg kjent meg stoltare enn då han fekk vatnet på hovudet sitt <3
|
Festbordet!! |
Dagen starta i sjudraget, betre å stå opp litt tidleg enn å måtte stresse, og me brukte morgonen på å stelle oss og kle oss opp i finstasen, spise frukost og på å vera litt nervøse (iallfall meg). Dåpskjolen var allereie pakka kvelden i forvegen og den skulle me vente med å kle han opp i til me kom ned i kyrkja. Aksel vart døypt i Laksevåg Kyrkje, den ligg jo rett nedanfor huset vårt og det passa så bra i og med at me tenkte og ha "festen" oppe hos oss etterpå.
Vel nede i kyrkja helste me på det andre paret som skulle døype før me gjekk inn i "dåpsrommet" for å kle om guten. Han var så nydeleg i den fine dåpskjolen som mi farmor laga då ho fekk sitt første borneborn for over tretti år sidan, det er stas og ha ein dåpskjole i familien som er laga av sjølvaste farmor :)
|
Medan me skiftar klede. |
Då gudstenesten starta stod me nede i våpenhuset saman med presten og gjekk opp kyrkjegolvet slik slik at alle fekk sjå dei to fine gutane som skulle bli døypt. Det vart nesten litt mykje for emosjonelle meg og sjå andleta på alle dei som me er så glad i og eg måtte berre snu meg vekk tilslutt og sjå på andre sida, hehe. Eg kan jo sei med eingong at den dagen me giftar oss kjem eg til å TUTE når eg går ned kyrkjegolvet, det er iallfall heilt sikkert.
|
Dette biletet er så fantastisk bra. Så mykje som skjer på eingong og alle ser på den fine guten som blir tørka på hovudet av Sofie. Fadrane: Toril, Morten og Hege, og min bror Tor Olav, men han kom ikkje med på dette biletet :) |
Då me stod i våpenhuset og venta var Aksel litt grinete, han var trøtt og skjønte ikkje heilt kvifor han ikkje låg i vogga si heime og sov, og eg tenkte at jaja, då var det me som hadde den babyen som skulle grine litt idag, men rett før me begynte å gå inn så sovna han jammen meg, i armane på pappaen og der sov han til alt var ferdig, eg trur ikkje han ensa at han fekk vatn på hovudet eingong.
|
Den lukkelege familien <3 (Dåpsguten søv som de ser godt) |
Etter me var ferdig i kyrkja spaserte me opp til oss, medan Thomas og Tor Olav køyrte for å henta maten og nokre kaker me hadde bestilt. Eg hadde dekka til eit langbord her heime og me var heile seksten stykker til bords pluss vetle Aksel, så det var trongt om plassen, men det gjekk heldigvis bra.
|
Kakebord!!!! |
|
Hehe, denne var nokre ringar høgare, men me hadde plukka av litt og lagt i skåler :) |
|
Pavlova, namnam!! :D |
|
Cupcakes <3 |
Alt i alt var det ein aldeles nydeleg dag og alt gjekk slik som det skulle. Til og med veret spela litt på lag med oss og regnet haldt seg vekke heile dagen. Så då vil eg takke den herlege familien vår som gjorde denne dagen til ein så kjekk dag og Aksel takker for alle dei flotte gåvene som han fekk.
|
Den vakraste guten <3 |
|
Stoltaste mammaen :)))
|
|
Og heilt til slutt eit bilete av ein stolt pappa som ber sonen sin inn i kyrkja <3 Mine to favorittgutar!!!! <3 |
Dette er en flott beskrivelse av en fantastisk kjekk dag. Dere har vært kjempeflinke. Dåpsbarnet var bare helt fantastisk (som vanlig)
SvarSlettMormor og besten
Ser ut som om dåke hadde ein fantastisk dag :) utrulig fine bilder iallfall :)
SvarSlett