Igår var det duka for hagearbeid, me hadde satt av dagen for vekesvis sidan og kunne ikkje vore meir heldig med veret. Gradestokken visa 25 grader og sola skein frå skyfri himmel.
|
Det var litt enklare å plante hekk utan bekkenløysing. Som eg kosa meg :D |
Det som var hovudmålet var å plant ny hekk, ja, det stemmer, ny hekk. Den me planta i september greide seg ikkje gjennom den kalde vinteren me hadde her i år og den heilårsgrøne hekken vår var blitt rimeleg brun.
|
Thomas hadde kjøpt nye ROSA handsker til meg, hihi :) |
Thomas hadde handla inn 28 nye vinterliguster på førehand (det var nokre få som hadde byrja og spire igjen) og me var klare til å starte med eingong me var oppe og hoppa igår. Vel og merke etter at me hadde vore på butikken og handla inn mat til helga.
|
Kosa meg på benken min <3 |
Innimellom slaga slappa me av og naut sola på den fine nye benken som svogeren til Thomas har laga til oss. Me er heldige :)
|
Det kjem seg! |
|
Grøn hekk!!!! :D |
Me var litt meir rutinerte denne gongen enn sist, no hadde me alle triksa fra svigermor friskt i minne og ikkje minst var ikkje mor gravid lenger. Me byssa guten i søvn i vogna si og plasserte han i skuggen og tok fatt. Thomas fjerna dei plantene som skulle bort medan eg planta nye, deretter gjekk Thomas over og gjødsla litt før han vatna dei nye plantene og etter vel ein times effektivt arbeid var hekken ferdig.
|
Denne nydelege gryta gjeld framleis :) |
Sidan me var gode på tida så nytta me høve til å luke litt i beda våre for så å legge ny prydbark over, og Thomas henta fram målekosten og måla litt rundtom og. Me hadde nemleg mellom anna ikkje fått måla dei karmane til dei to små vindauga som vart skifta før jul enda, det var på høg tid.
|
Sjølvsagt var pusane med!! |
|
Høgt og lågt :) |
Ein fabelaktig dag i Nygjerdet igår altså, og me var vel nøgd med eigen innsats. Idag er det duka for ein ny fin dag og me venter middagsgjester!
|
Og DEN hunken som måla huset mitt!!!! :P |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar