tirsdag 4. juni 2013

PÅ STORD

Denne veka skal eg, meir eller mindre vera på Stord og prøve ut rolla som aleinemor. Grunnen er så enkel som det at eg skal passe katten til min bror medan han sjølv er på jobb og foreldra mine er på Kypros. 
Linn, Tonje og meg. Me var litt tidleg ute før vielsen :-)

Eg kom her på fredag, då var framleis mamma og pappa her og då dei ikkje reiste før natt til mandag, laurdag var det nemleg bryllup til verdas beste Anita, det var SÅ kjekt. Kjekt å pynte seg igjen, kjekt å sjå den fine mannen i dress, kjekt å sjå dei gje kvarandre sitt "ja" og kjekt å feira ilag med dei etterpå.

Kjærleiksparet <3

Dagen igår var altså den første dagen heilt aleine med Aksel, ikkje at det er noko problem eigentleg, for me har ganske gode rutinar no så dersom eg blir litt trøytt gjeld det berre å slenge seg nedpå litt når guten søv. Den første dagen gjekk kjempebra, me var på kafe med Marith, vetle Thor, Anita og Andrè, kjempetriveleg. På kvelden når guten var lagt fekk eg besøk av ei venninne så då slapp eg å keie meg aleine, heldige meg :)

Det nydelege brudeparet, nygift! :):):)

Imorgon skal eg ein snartur til Bergen igjen då, skal ut med jobben på kvelden, før eg vender snuten mot Stord igjen allereie på torsdag. Ein må jo få med seg alt. Då blir eg her til fredagkveld eller laurdag føremiddag før eg må heim å passe mine eigne kattar, for Thomas skal nemlig på guttetur i helga. 

Og den vakraste guten. Leikar seg! :-)

                Det skal på mange måtar bli godt når Thomas kjem heim på sundag :-)


1 kommentar:

  1. Fiiiine dåke e:) og ikkje minst verdens kjekkaste bryllup<3

    SvarSlett