torsdag 27. juni 2013

NY DØR: BESTILT

Heilt sidan me overtok huset har me ønska oss ei ny ytterdør, men det har heilt tida vore andre ting som har blitt prioritert og den nye døra har latt vente på seg.

Den gamle døra, skikkeleg 70-tals preg over den. (Biletet er henta frå prospektet)
Hovudgrunnen til at me vil bytte den ut er at den ikkje er tett, det er ei glipe som ein faktisk kan sjå gjennom og det seier seg sjølv at dette er lite gunstig på vinterstid. I tillegg er den kjempestygg, enkelt og greit. Den passar ikkje til huset i det heile tatt.

Den nye, fine døra vår. Den kjem i ein svart farge.
Det var ingen av oss som hadde noko særleg peiling på dører då me starta jakta, men me hadde sett for oss ein pris og tenkte då at me hadde teke godt i, vel det hadde me ikkje. Me har lyst på ei dør som kler huset, den må ha eit preg av 1929 over seg, samtidig som den held dagens standard når det kjem til kvalitet.


Og dette nydelege glaset, som me gler oss!!! :-)
Me har henta fleire tilbod, veldig varierande i pris og alt, men det var ei dør me begge ikkje greide å gløyme. I utgongspunktet var den litt for dyr, og me la heile dørprosjektet på hylla ei lita stund. Då me fekk veta kva me fekk igjen på skatten (ingen svimlande sum altså, men me gjekk litt i pluss) bestemde me oss for å bruke dei på den fine døra som me begge likte så godt.

No er den bestilt og me gler oss til å få den på plass om eit par månadar.

1 kommentar:

  1. Må selvfølgelig få protestere på dette utsagnet: "Det var ingen av oss som hadde noko særleg peiling på dører då me starta jakta..."

    Hehe
    Thomas på XL-Bygg.

    SvarSlett