Då var det ei stund sidan eg har blogga, grunnen til det er at dataen min har litt problemer. No er den levert inn til reperasjon og eg må låna Thomas sin PC (som og har vore på service).
|
Far og son, kosar seg :) |
Dagane rullar og går og eg kosar meg heime med den fine guten min. Det siste nye fra Aksel-fronten er at han no kan rulle fra rygg til mage. Det vonar om hektiske tider framover. Ellers er han framleis smilande og blid, som vanlig :-) Det er jo aldri ein roleg dag her i Nygjerdet så litt av kvart har skjedd, og no for tida er det helst uteområdet som får seg ein liten overhaling. Me prøver å fikse opp litt på nedsida av huset, og sjølv om me ikkje heilt veit kor me skal starte så gjer me litt og litt, ein dag vil det bli fint, det berre veit me!
|
Her hadde han akkurat rulla seg over på magen for første gong, heilt aleine!!! |
I går hadde ho mor i huset bursdag, heile 27 år gammal har eg blitt no. Dagen blei ikkje feira så voldsomt, men mamma og tanta mi kom på besøk på føremiddagen, eg hadde baka kake i anledningen (heilt frå botnen). Thomas kom litt seint heim fra jobben og i tillegg så har han eit prosjekt ute i hagen, me flyttar nemleg ein del av Rhododendron-farmen vår over til Stord og det skal skje IDAG. Så Thomas og naboen vår stod og sleit i mange timar i går og klokka blei 21.30 før me gjekk inn for å feire bursdag.
|
Flagget måtte opp i går, og sola skein! :-) |
Thomas er veldig flink med gåver og den slags og hadde med seg ein nydeleg bukett med roser heim. I tillegg til det hadde han kjøpt to treningstoppar til meg, ein nydeleg sommarkjole og ei kritt-tavle til kjøkkenet. Han hadde og levert inn eit bilete av Aksel til framkalling i stort format på lerret, men det var typisk ikkje komt i tide. Er eg heldig eller? Verdas beste mann <3
|
Nydelege roser frå mannen <3 |
Så har jo bilen min vore på service, den må jo vera klar til langtur i sommer, det er nemleg berre tre veker til me inntar Sørlandet. Det artigste av alt må jo vera at me fann ut at bilen er berekna til fem personar (eg har alltid trudd den bare var til fire). Eg har trudd at selen på eine sida bak har vore øydelagd i to år, så viser det seg at eg berre har prøvd å feste beltet i feil feste. Så, ja, då funker iallfall alle selane og det har dei gjort heile tida.
|
Mannen i kjempeslag! |
Meg og Aksel var tidleg oppe i dag og kjørte pappa til jobb, han måtte sette bilen sin att på verkstedet i går og sidan Aksel ikkje skal sove på ettermiddagen fekk me eit lite logistikkproblem. Heldigvis er me morgonfuglar me, så det gjekk fint.
|
Og Aksel, tatt i dag :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar