søndag 9. juni 2013

FIRE MÅNADAR

Tenk at Aksel er fire månadar gammal idag, fire heile månadar sidan han kom til oss. Det er heilt sprøtt, og me kunne ikkje vore gladare, for Aksel er den beste guten me kunne fått.


No når han er blitt så "stor" (alt er jo relativt) er det morro og sjå personlegheita hans forme seg, og det er veldig kjekt å sjå korleis han utvikler seg og stadig lærar nye ting. Stort sett er han ein blid kar, men innimellom har han dagar der han ikkje er like fornøyd, eg trur nok det høyrar babyar til og det går for det meste fint.

Eg har lest meg litt opp på noko som  heiter utviklingssprang i det siste og det er ganske interessant. Det handlar i grunn berre om korleis babyen utvikler seg, og kva ein kan forvente. Kvart slikt eit sprang har til dømes tre fasar:

  1. Ein periode der babyen sutrer meir enn vanleg og søker oppmerksomhet, samt vil ikkje babyen vera så mykje aleine som den plar. Det kan også gå utover søvn/leggerutinar.
  2. Sjølve utviklinga 
  3. Etterfulgt av ein roleg periode, før det er på an igjen.
Så står det litt om når ein kan forvente slike periodar, og kva ein kan gjera for å hjelpa babyen til å gli gjennom desse spranga best mogleg. Når eg tenkjer tilbake så har Aksel hatt iallfall to av dei tre spranga  som han ifølge denne fastiten skal ha vore gjennom til no, og det forklarar jo så mykje. Framover forstår eg iallfall litt meir av kvifor desse peridane med sutring kjem, og at eg berre må prøve å vera der for han så godt eg klarar. 


Det er så mange som kjem med gode råd og formaningar om at ein ikkje må gå til babyen med eingong den gret, og at ein bare må la dei grine litt for det har dei godt av, osb. Etter fire månadar med baby sjølv er eg absolutt ikkje einig og "grinekurar" skjer iallfall ikkje i dette huset. Babyen sin einaste måte å kommunisere på er jo nettopp å grine, for å gi beskjed om at noko ikkje er som det skal, og det går ikkje an å skjemme vekk ein baby som er så liten, meinar no eg. 


Det blir iallfall spanande å følgje med på desse spranga vidare, det er bare nokre veker til fasiten seier at det neste kjem.

Sånn ellers har eg vore aleine med Aksel i meir eller mindre ei veke no, eg var ganske spent på førehand for eg er jo vant til å alltid vera to, men det har gått veldig bra. Aksel er jo ganske grei og rutinane er godt innarbeida. Det einaste eg kjenner litt på er søvnen, men eg får prøve å legge meg tidleg idag så eg er klar for ei ny veke. Ikveld kjem Thomas heim og gjett om både meg og Aksel gler oss.





3 kommentarer:

  1. Helledussen for en skjønning Aksel er <3

    -Marianne

    SvarSlett
  2. For en superduper liten klomp...så stor han er blitt. Og jeg er enig med deg, at det går ikke ann å bortskjemme en så liten dud. Masse kos og nærhet er det han trenger. Du får nok av sjangser senere til oppdragelse. Han er jo helt ny i denne verden, og trenger dere nå som han begynner å observere alt nundt seg. Mye som han skal lære på kort tid. Han får med seg alle lyder og bevegelser og er helt avhengige av dere til å forstå denne verden. Og det viktigste er tryghet, derfor - vær der for han.

    SvarSlett