onsdag 29. mai 2013

SOMMER OG GLADGUTEN

Endeleg er det blitt sommer, og me har hatt nokre fantastiske dagar med mykje fint ver i det siste. Forrige helg var eg og Aksel på Stord, det var utruleg kjekt, som alltid. Eg hadde ein kveld "ute" (drakk ikkje) medan mormor og besten passa guten, Og sjølv om eg lengta heim til han så hadde eg det veldig gøy. Og ikkje minst hovudgrunnen til at eg reiste heim, endeleg fekk eg helsa på den fine guten til Marith og Jørgen, Thor. For ein herleg gut, eg gler meg allereie til å treffe han att i helga som kjem <3

Endeleg greide eg å fanga det nydelege smilet hans på eit bilete.

Denne veka har stort sett gått med til trilleturar og trening og vekta kryp sakte men sikkert nedover, endeleg. Det var ikkje så lett å komma igong som eg såg for meg då eg gjekk gravid, men guri kor herleg det er å trene igjen. Det er seks veker sidan eg starta på an igjen og no kjennes det ut som eg er skikkeleg igong. Thomas er snill og tar seg av guten nokre ettermiddagar slik at eg kan ta turen bort på Elixia. Det beste treningsenteret eg har vore på til no, elskar det!!

Han er nemleg i supergodt humør for tida, og smilar mykje!!! <3 :-)

I helga som kjem skal me i bryllup til ei god venninne av meg heime på Stord, så då går turen sørover igjen gitt. Det har blitt mykje Stord på meg i det siste, me får sei at eg tar igjen for det siste året då det har vore dårleg med turar på meg :-) Det blir spanande å vera vekke frå Aksel nesten ein heil dag, men eg veit jo at han er i dei beste hender, så det går nok fint. No skal eg bare ete litt frukost før eg skal ut å trille med ei venninne, hurra! :-)



mandag 20. mai 2013

PINSEHELGA

Då var pinsehelga over for denne gong, og for ei fantastisk helg det har vore. Me har fått gjort alt me hadde tenkt ute i hagen og meir til (framleis litt igjen sjølvsagt), me har fått mala det me skulle, eg har vore på trening eit par gonger og Thomas har vert ein tur på byen. I tillegg har me kosa oss gløgg med vetle Aksel og pusane.


Det har vore knallver heile helga, litt i varmaste laget for litleguten, men akkurat fint for oss vaksne. Igår etter Aksel var lagt satt me ute og kosa oss på den nye benken til klokka var omlag halv ti, i berre shorts og singlet liksom. Smaken av sommer.


Idag har me slappa av, Thomas har mala litt og eg har vore på trening. Aksel har for det meste sove, spist og leika. Tidleg på ettermiddagen tok me oss ein liten trilletur nedover mot Laksevåg Kyrkje, det er så mykje fine og spanande hus å sjå på her på Laksevåg, skikkeleg kjekt. Sjølv om me har budd her i snart halvanna år er det framleis vanskeleg å tru på at me eig vår eige hus, så sprøtt!

Aksel kvilar i skuggen.

Mor kvilar i sola etter trening :)

No har me akkurat ete middag og ventar på at Brannkampen skal starte på TV, kanskje skal dei endeleg få ein bortesiger idag? Me får sjå :-)

Blacky kikkar på ein av nabokattane!

Imorgon startar ei ny veke, og på laurdag går kursen mot Stord igjen for meg og Akselguten :)

Ein må slappa av litt innimellom også :)

Middag på gong. Eg var så hekta på graut i slutten av svangerskapet, og framleis er eg meir enn gjennomsnittet begeistra for det, stakkar Thomas :P




søndag 19. mai 2013

HAGEARBEID I PINSEHELGA

Igår var det duka for hagearbeid, me hadde satt av dagen for vekesvis sidan og kunne ikkje vore meir heldig med veret. Gradestokken visa 25 grader og sola skein frå skyfri himmel.

Det var litt enklare å plante hekk utan bekkenløysing. Som eg kosa meg :D

Det som var hovudmålet var å plant ny hekk, ja, det stemmer, ny hekk. Den me planta i september greide seg ikkje gjennom den kalde vinteren me hadde her i år og den heilårsgrøne hekken vår var blitt rimeleg brun.

Thomas hadde kjøpt nye ROSA handsker til meg, hihi :)

Thomas hadde handla inn 28 nye vinterliguster på førehand (det var nokre få som hadde byrja og spire igjen) og me var klare til å starte med eingong me var oppe og hoppa igår. Vel og merke etter at me hadde vore på butikken og handla inn mat til helga.

Kosa meg på benken min <3

Innimellom slaga slappa me av og naut sola på den fine nye benken som svogeren til Thomas har laga til oss. Me er heldige :)

Det kjem seg!

Grøn hekk!!!! :D

Me var litt meir rutinerte denne gongen enn sist, no hadde me alle triksa fra svigermor friskt i minne og ikkje minst var ikkje mor gravid lenger. Me byssa guten i søvn i vogna si og plasserte han i skuggen og tok fatt. Thomas fjerna dei plantene som skulle bort medan eg planta nye, deretter gjekk Thomas over og gjødsla litt før han vatna dei nye plantene og etter vel ein times effektivt arbeid var hekken ferdig.

Denne nydelege gryta gjeld framleis :)

Sidan me var gode på tida så nytta me høve til å luke litt i beda våre for så å legge ny prydbark over, og Thomas henta fram målekosten og måla litt rundtom og. Me hadde nemleg mellom anna ikkje fått måla dei karmane til dei to små vindauga som vart skifta før jul enda, det var på høg tid.

Sjølvsagt var pusane med!!

Høgt og lågt :)

Ein fabelaktig dag i Nygjerdet igår altså, og me var vel nøgd med eigen innsats. Idag er det duka for ein ny fin dag og me venter middagsgjester!

Og DEN hunken som måla huset mitt!!!! :P






lørdag 18. mai 2013

17. MAI PÅ STORD

Tjohei. Då var 17. mai vel overstått og det var ein fin og veldig annleis dag for meg. Eg er jo som alle veit ei korpsjente og plar ha fullt opplegg på nasjonaldagen, men i år har eg hatt fri på grunn av den fine babyen min.

Aksel hadde på seg matrosdress som han har arva av Tor Olav :)

Me hadde lenge tenkt til å vera i Bergen, men i siste liten endra me meining og reiste til Stord likevel. Litt uheldige då me skulle køyre på torsdagen, me kom ikkje på det var 16.mai-kamp på staddaen så det var lang kø på danmarksplass. I tillegg hadde det vore to ulykker i Nesttunområdet som gjorde at trafikken stod heilt stille. Me brukte to timar til Halhjem istadanfor 40 minutt og då me endeleg kom fram var det ikkje plass til oss på ferga. Men me kom oss no fram til slutt.

Fine Raistlin :)

Me starta nasjonaldagen med ein tur bort på min gamle barneskule for å helse på gamle kjente før me tok turen ned til min tante og onkel for rømmegraut, pølser og is. Deretter bar det til Leirvik (sentrum) for å sjå "borgertoget". Me tok tida og det varte i omlag 10,5 minutt, litt kortare tok enn det me ser i Bergen kan du sei. Derfra kjørte me ned til "Litlalono" (hytta til mormor og morfar) der det var kaffi og kaker. Ein finfin dag med andre ord.

Familien (Ådnanes) Ødegård <3 :)

Det var tre slitne menneske som kom heim til Nygjerdet igår kveld, men me hadde store planar for pinseafta og hadde ikkje tid til å overnatte ei natt til på Stord. Og ikkje minst var det to pusar her som ikkje kunne vera aleine heime lenger enn nødvendig.

fredag 10. mai 2013

UT PÅ TUR, ALDRI SUR

Hei alle saman! Idag er det fredag, favorittdagen! Sjølv om eg er i permisjon er det noko spesielt med fredagar, det betyr at Thomas skal vera heime med oss i to dagar, og det er alltid kjekt!

Denne veka har eg brukt på å slappe av, det trengte eg etter forrige veke som var noko hektisk! Så eg og Aksel har bar kosa oss her heime og vore på nokre trilleturar. Eg har med andre ord fått testa regntrekket til vogna, hehe.

I det siste har Aksel sovna mellom åtte og halv ni, flinke guten, så ikveld skal eg faktisk prøve å gå ut ein liten tur etter han har sovna, det blir spanande, og rart. Det er liksom sånn no at når Aksel er lagt så berre gler eg meg til me og skal legga oss, for då kan eg sjå litt meir på guten først. Verdas vakraste gut <3 






mandag 6. mai 2013

DÅPSDAGEN 05.05.2013

Me hadde ein fantastisk dag igår, og guten er endeleg døypt. Eg er skikkeleg glad for at me gjorde det og sjeldan har eg kjent meg stoltare enn då han fekk vatnet på hovudet sitt <3

Festbordet!!

Dagen starta i sjudraget, betre å stå opp litt tidleg enn å måtte stresse, og me brukte morgonen på å stelle oss og kle oss opp i finstasen, spise frukost og på å vera litt nervøse (iallfall meg). Dåpskjolen var allereie pakka kvelden i forvegen og den skulle me vente med å kle han opp i til me kom ned i kyrkja. Aksel vart døypt i Laksevåg Kyrkje, den ligg jo rett nedanfor huset vårt og det passa så bra i og med at me tenkte og ha "festen" oppe hos oss etterpå.


Vel nede i kyrkja helste me på det andre paret som skulle døype før me gjekk inn i "dåpsrommet" for å kle om guten. Han var så nydeleg i den fine dåpskjolen som mi farmor laga då ho fekk sitt første borneborn for over tretti år sidan, det er stas og ha ein dåpskjole i familien som er laga av sjølvaste farmor :)

Medan me skiftar klede.

Då gudstenesten starta stod me nede i våpenhuset saman med presten og gjekk opp kyrkjegolvet slik slik at alle fekk sjå dei to fine gutane som skulle bli døypt. Det vart nesten litt mykje for emosjonelle meg og sjå andleta på alle dei som me er så glad i og eg måtte berre snu meg vekk tilslutt og sjå på andre sida, hehe. Eg kan jo sei med eingong at den dagen me giftar oss kjem eg til å TUTE når eg går ned kyrkjegolvet, det er iallfall heilt sikkert.

Dette biletet er så fantastisk bra. Så mykje som skjer på eingong og alle ser på den fine guten som blir tørka på hovudet av Sofie. Fadrane: Toril, Morten og Hege, og min bror Tor Olav, men han kom ikkje med på dette biletet :)

Då me stod i våpenhuset og venta var Aksel litt grinete, han var trøtt og skjønte ikkje heilt kvifor han ikkje låg i vogga si heime og sov, og eg tenkte at jaja, då var det me som hadde den babyen som skulle grine litt idag, men rett før me begynte å gå inn så sovna han jammen meg, i armane på pappaen og der sov han til alt var ferdig, eg trur ikkje han ensa at han fekk vatn på hovudet eingong.

Den lukkelege familien <3 (Dåpsguten søv som de ser godt)

Etter me var ferdig i kyrkja spaserte me opp til oss, medan Thomas og Tor Olav køyrte for å henta maten og nokre kaker me hadde bestilt. Eg hadde dekka til eit langbord her heime og me var heile seksten stykker til bords pluss vetle Aksel, så det var trongt om plassen, men det gjekk heldigvis bra.

Kakebord!!!!



Hehe, denne var nokre ringar høgare, men me hadde plukka av litt og lagt i skåler :)

Pavlova, namnam!! :D

Cupcakes <3


Alt i alt var det ein aldeles nydeleg dag og alt gjekk slik som det skulle. Til og med veret spela litt på lag med oss og regnet haldt seg vekke heile dagen. Så då vil eg takke den herlege familien vår som gjorde denne dagen til ein så kjekk dag og Aksel takker for alle dei flotte gåvene som han fekk.

Den vakraste guten <3




Stoltaste mammaen :)))


Og heilt til slutt eit bilete av ein stolt pappa som ber sonen sin inn i kyrkja <3 Mine to favorittgutar!!!! <3






onsdag 1. mai 2013

LENGE SIDAN

No er det ei stund sidan eg har blogga, i helga som var tok eg meg ein tur til Stord. Prøver å la Thomas få litt ro til å jobbe med eksamen, flinke skuleguten.

Ellers går det stort sett i dåpsdørebuing her om dagen, eg vaskar og vaskar og prøver å gjer klart huset, men det kjennes framleis ut som det er mykje som gjenstår.

Idag skal me henta bord og stolar ute på jobben til Thomas, og sjølv om det er boko tidleg å pynte bordet enda så spørs det om eg greier å vente! Eg e veldig spent på korleis det vil bli!

På torsdag skal me i dåpssamtale med presten, det ser eg fram til. Eg kjem nok til å slappe meir av etter det. Eg har vel aldri vore i ein dåp, så eg veit ingenting om korleis det foregår :)

No er det tilbake til vaskinga, det er golvet som skal få gjennomgå no! Me bloggast!