tirsdag 2. april 2013

URO I HEIMEN

Då var påska over for denne gong og kvardagen her med eit smell.  Nei, kven er det eg prøver å lure? Her er alle dager like, påske eller ei :)

Kjempesøt Uro.

Idag var me tidleg oppe då, Aksel skulle nemleg på seksvekerskontrollen sin idag klokka ni. Ein treng jo ikkje ha vekkerklokke på i dette huset lenger, ti på sju var det ein katt som sleika meg i anletet og mjaua febrilsk noko som eigentleg passa bra sidan eg planla å stå opp i sjudraget likevel.

Kjempesøt gut.

Aksel hadde ingen planar om å vakne då, så kvart på åtte blei eg nødt å vekke han. Vel borte på Helsestasjonen gjekk alt fint, ein perfekt liten gut (barnelegen sine ord) og eg er sjølvsagt einig i det. No vog han omlag fire og eit halvt kilo, endeleg tatt igjen pappaen si fødelsvekt etter sju og ei halv veke, vetle pjokken vår <3 :)


Over vugga :)


Så til overskrifta, eit vennepar av oss hadde kjøpt ein kjempefin uro til Aksel då han vart fødd og i helga fekk Thomas endeleg hengt den opp. Me valde å henge den i ståva, over vugga og litt ut frå veggen så ikkje pusane skal øydelegge den (perfekt katteleike).

Alle dei flotte dyra :)

Stor suksess og Aksel ligg allereie å kikker på den og babler litt for seg sjølv.

2 kommentarer:

  1. Fine Aksel! Kjekt at vekta kommer seg så bra no!

    SvarSlett
  2. Åååå! Så stor han e blitt!! Du ser d så godt når de e så små! =) E så kjekt å se at de blir rundere og rundere, hihi! Gleder meg sånn til å se dåkkar igjen!!! =) =) Masse fine bilder av skjønne gutten! Klemmmm! -Anita-

    SvarSlett