Far og son, liknar dei? |
På tysdagen var eg borte på helstestasjonen for å vega Aksel, mi helsesøster hadde påskefri, men heldigvis er det sånn at ein ikkje treng å ha time for å gå bort å vege. Vekta står ute i "fellesarealet", så den kan me nytta når me måtte ønske og eg var ikkje den einaste som nytta meg av det, det var fleire andre der og som berre var innom for å sjekke vekta.
Kosar seg i familieselskap, ny jakke som mormor har strikka :) |
Endeleg er Aksel over fire kilo, 4090gram var han no og milepælen er nådd. Det betyr at han hadde gått opp 340gram på ei veke, som er den største vektauka han har hatt så langt. Dette lovar godt!
Fra onsdag til idag (fredag) har me vore på Kjekse, altså på hytta til mamma og pappa. Fantastisk å komme bort igjen, der har eg ikkje vore på altfor lenge. Aksel kosa seg mykje med mormor og meg og Thomas har fått slappa litt av.
Pusen til Tor Olav var og med på hyttetur i påsken sidan Tor Olav sjølv er vekke på arbeid. |
Medan me var på hyttetur var pusane heime aleine. Det hadde gått heilt fint, men ein av pusane hadde tydelegvis vore litt dårleg i magen, og det i seg sjølve er ikkje så galt. Dei brukar alltid å gå på do i kassen uansett, men denne gongen hadde den aktuelle pusen (uvisst kven av dei) funne ut at oppi korga til barnevogna var ein fin plass. DET var ikkje matmor vidare nøgd med akkurat. Heldigvis er Thomas på pletten og fiksa det med ein gong, den korga er nemleg av "tøy" så den måtte skurast rein.
Som belønning for å alltid vera så grei så fekk mannen påskeegget sitt ein dag for tidleg, i all hemmelegheit har eg handla inn godis og hadde laga klart eit egg til han, hihi. Han lurte på kor i alle dagar eg hadde greid å gøyme dette for han, men heilt ærleg var ikkje det noko problem akkurat, for det er ikkje kvar dag Thomas opner kjøkkenskapa. Knis :P
Framleis god påske til alle saman!
God påske til dåke og :) nyt dagane med mannen heima!
SvarSlett