Eg hadde avtala å møte ei venninne på Helsestasjonen me skulle nemleg trille tur etter veginga, ho har ei jente som er nokre månadar eldre enn Aksel, det passer jo bra. Det var skikkeleg kjekt å gå tur, den første av mange trilleturar framover. Veldig godt å bevege seg litt, sjølv om eg kjenner det er lenge sidan denne kroppen har vore i bruk :P
For anledningen hadde eg kledd Aksel opp i den smekre mariusdressen som mamma har strikka til han, han er så flott i den og det gjeld å bruke den alt me kan no før den blir for liten.
Så må eg berre beklage dersom blogginga mi er litt einspora om dagen, Aksel ditt og Aksel datt, men så er det kun han det dreiar seg om no :)
Det vart ein liten fotoshoot når me kom heim fra tur! :) |
Eg syns godt du kan blogga meir om Aksel! Eg eg utsulta på bilder og info :)
SvarSlettOg mariusdressen er nydelig :)
SvarSlett