fredag 15. mars 2013

DÅP

Det var ein merkeleg telefon og ta, telefonen til Kirketorget for å avtale dåp. Tenk at eg er nokon sin mamma no, det kjennes igrunn litt uvirkeleg, men litt meir virkeleg vart det etter at den telefonen var teken. No er det berre til å planlegge i veg.


Me var begge veldig einige om at Aksel skulle døypast i kyrkja, sjølv om ingen av oss er noko aktivt kristne. Det er liksom ein tradisjon for meg, og heldigvis for Thomas og. Sjølv om eg berre er i kyrkja ein gong i året, på julafta, så ser eg på meg sjølv som kristen, ein del av den kristne trua, og det sjølv om eg eigentleg ikkje trur så veldig på noko av det.


Femte mai er iallfall dagen det skal skje, og det blir her i nærområdet, nemlig i Laksevåg Kyrkje som ligg rett nedanfor huset vårt. Eg kan ikkje hugse eg har vore i nokon dåp før, ei heller har eg vore i Laksevåg Kyrkje, så eg lurar på om eg skal snike meg ned ein sundag snart, berre for å kikke.


"Festen" etterpå blir berre oppe hos oss. Eg trur ikkje me blir så mangen gjester og då blir det kanskje likegreit å ha det her. Eg gler meg mykje og har byrja så smått og kikke etter litt inspirasjon på internett. Eg har store planar om å bake blå kaker og lage fine dekorasjoner og pynt, men det spørs korleis realiteten blir, eg er ikkje den mest kreative sjela. Og eg kan definitivt ikkje bake, hehe.

Eg gler meg iallfall mykje. Den vakre sonen vår skal døypast <3






1 kommentar: