Skikkeleg kjekt å vera heima hos mamma og pappa så lenge, har ikkje vore der sidan jul så det var verkeleg på tide no. På fredag var eg å feira 30årsdagen til ei venninne av meg så då var Aksel heime med mormor og besten. Det var første gong eg var vekke frå han sånn ein heil kveld, men det gjekk veldig fint, heldigvis.
Ellers har Aksel den siste veka søve heile natta gjennom (som er dersom han søv frå 23-06 eller lenger), til dømes så sov han fra 22 igår kveld til 07 idag tidleg, herleg for mor.
Lyst og fint :) |
Eg stod opp tidleg idag og reiste heim til Bergen så snart det lot seg gjera så eg var heime allereie kvart på elleve på formiddagen og etter me kom heim har me fått gjort mykje her i heimen. Thomas rydda og styrte litt på loftet medan eg har laga TV-ståve i andre etasje. Eg må sei det vart riktig så triveleg der oppe og eg gler meg til å ta den i bruk.
Me må skaffa oss nokre større og betre puter her etterkvart :) |
No er det ikkje lenge før Aksel skal i seng før oss, så då kan det vera greit å ha moglegheita til å vera i nærleiken, iallfall sånn i starten. Babysteps for mor :)
Førebels har me ikkje kanalar der oppe, me får sjå kva me gjer angåande det, så det får bli filmsjåing eller ting me ser på via dataen sånn i starten.
Kjekt å ha muligheten iallfall :) det er kanskje der du må sjå brannkampane dine og? ;)
SvarSlett