Ja, på loftet hos oss skjer det mykje rart. Kattane elskar jo å vera der oppe, men me har prøvde å stenge av med plast og nokre plater. Utan hell vel og merke.
|
No blir det ikkje lett for pusane å snike seg inn her lenger!!! |
|
Det er krok på begge sider :) |
Etter påske fann me ut at den svarte pusen hadde funne ein måte å komme seg inn på, og like gjerne valde å bruke det som toalett. Kjekt det. Heldigvis var det oppå eit teppe og ikkje oppi sengene eller rett på golvet, men det var nokre klattar der, så det er tydeleg at dette var ein ny trend for ho.
|
Sjuklingen vår <3 |
Den svarte pusen har igrunn lenge vore mindre nøgd med kassen sin, så no har me testa ein ny sand, ein sånn som klompar seg når den blir blaut. Fantastisk mykje betre enn den me har nytta til no og det er veldig enkelt å halda kassen rein. No renskar me den to gonger om dagen istadanfor berre ein og håpar den blir god nok for den kresne pusen.
|
Finaste guten <3 |
For sikkerhetskuld har Thomas satt opp ei dør i opninga til loftet, handymannen. Det kan jo vera ganske greit sånn generelt og det sidan me no nyttar det som gjesterom og. Og ikkje minst er det litt enklare å gidde å gå opp der når ein slepp å slite seg gjennom fleire lag med plast og plater og eg veit ikkje kva :)
|
Leiker og kosar seg! |
Når me først er inne på desse kattane, så er den svarte pusen vår sjuk. Eller, den oppfører seg igrunn som den er frisk, men det er noko som ikkje stemmer så Thomas skal ta ho til vetrinæren idag, kryssar fingrane for at det ikkje er noko alvorleg og at det enkelt kan fiksast. Me er nemleg litt redde for at det kanskje kan vera noko etter steriliseringa, men håpar det kanskje er noko anna enn det.
|
Tittei :) |
Ellers veks Aksel for kvar dag og er rett og slett blitt ein stor gut. No leiker han på leiketeppet sitt, smilar og ler når me syng for han og me merkar at me får god kontakt med han, skikkeleg kjekt! Det er litt uvant for meg å ikkje kunne vega han så ofte som eg gjorde, no kan eg sjølvsagt stikke bort å vege han når eg ønskjer det, men eg kan jo ikkje halde på med det for alltid heller. Neste kontroll no er sjuande mai, rett etter dåpen om omlag tre veker. Då er eg spent på kva dei seier :)
Å søtnos han ligna litt på mamma si og ja :)klem fra Hanne
SvarSlett