søndag 21. april 2013

CUPCAKES OG BILETE

God sundag alle saman. Helga er snart over for denne gong, men det skremmer ikkje meg då eg har fri resten av året :)

Igår fekk me endeleg solgt den gamle bilen til Thomas, det gjorde godt. Det er liksom noko med alt som er gjort. Me feira med å oppgradere frå laksemiddag til biff og ein heil haug av sjokolade igår kveld. NAM.

Eit lite bilete av skjønningen :)

I gledesrusen greide eg og å lura Thomas til å henga opp nokre bilete på veggen for meg, eg har gått rundt med ein liten tanke om dette i månadsvis no, og har kjøpt inn litt og litt rammer, ramma inn bilete, men så har dei liksom aldri blitt hengt opp. Etter å ha prøvd nokre ulike samansetningar på golvet vart dette resultatet! Fint?

Bileta kan jo byttast ut med andre bilete når me blir lei av å kikke på disse.

Eg er iallfall storvegs fornødd.


Litt liv på veggen :D

Denne føremiddagen har eg brukt på å baka CUPCAKES. Mellom 10.00 og 13.00 søv stort sett Aksel godt i vogga si, så då gjeld det og utnytta timane om det er noko som skal bli gjort. Idag var det baking, prøvebaking til dåpen som er om berre to veker. No er ikkje eg så erfaren når det gjeld baking, men sjølve cupcakesa vart heilt n y d e l e g e om eg må sei det sjølv. Toppingen smaka godt den og, men eg er ikkje kjempegod på dandering.

NAM! Til dåpen skal ha sjølvsagt ha dei i litt finare former. Dette er jo berre test.

Eg har liksom kjøpt meg sånn danderingsett, men lell. Det krever visst meir enn det :)

Så her ser det frukosten min idag, sundt og godt! :)

Nammenam!!!! :) Dersom nokon har lyst på er det fleire igjen! :)

1 kommentar:

  1. Fint med kollasjen:D Eg gler meg til å komma å sjå i mai:D

    SvarSlett