søndag 29. desember 2013

AKSEL SI FØRSTE JUL

Hei og god jul alle saman! For ei flott jul dette har vore, og den er ikkje over enda, heldigvis. Me starta juleferien med å berre slappe av her heime, bake julekaker, høyre på julemusikk og pakke inn gåver. Veldig kjekt at Thomas hadde mulighet til å ta ut ferie heile romjula dette året, etter ein hektisk haust er det godt med litt ekstra tid saman <3

Oiii, er denne til MEG????

Gaven fra oss og eindel gåver som enda ikkje var åpna :-)
Vetle julafta satte me kursen sørover mot Stord, me feira julafta der saman med min familie. Ein fantastisk dag som alltid. Me kosa oss med nydeleg julelunsj før Aksel fekk åpna litt gåver (trur ikkje han skjønte så veldig mykje av det, men han likte godt alt han fekk) før me heiv oss i finstasen og gjekk på julegudsteneste i kyrkja, det er tradisjon og veldig kjekt å ha med Aksel for fyrste gong. Han var veldig flink og tolmodig gjennom heile gudstenesten, flinke guten vår :-)

Den største gåva var fra Onkel ;-)
Ny bamse og gåvogn, også fra Onkel ;-)
Når me kom heim fekk Aksel leika litt med dei nye leikene før det var leggetid for han og middagstider for oss vaksne. Pinnekjøtt på menyen som alltid og det var heilt fantastisk. Eit flott måltid i godt selskap. Etter middag var det dags for å finne ut kva som skjulte seg under treet, og det var det mykje fint. Så heldig me er. Av Thomas fekk eg mellom anna ei arbeidsbukse slik at eg skal vera klar for oppussing når våren kjem, og den var sjølvsagt knallrosa! Han kjenner meg godt :-)

Familien Ådnanes/Ødegård ;-)
1. Juledag reiste me vidare mot sørlandet. Ein liten svipptur berre, men for nokre flotte dagar me har hatt der nere og. Me budde hos søstera til Thomas denne gongen og det var kjempekoselig. Aksel har vert så tolmodig i bilen både til og fra (til tross for at reisa heim tok 10,5 timer grunna fergetrøbbel) og me har fått sett dei fleste me hadde tenkt å treffe medan me var der!

Kjempekjekt å leike hos Oldemor :-)
Litt middagsmat hos Bestemor og Bestefar på Kosvik <3
No er me heime i Nygjerdet igjen og det var godt å sjå att dei fine pusane våre. Borte bra, men heime best som dei seier. Me har iallfall fått mange gode minner denne jula og Aksel har feira jul for første gong <3 :-)





mandag 9. desember 2013

ÅRETS FØRSTE SNØFALL

Jada, årets første snøfall har både komt og forsvunne allereie. Det heile starta forrige veke, på onsdag var eg nemlig på julekonsert med Musikselskabet Larmonien. Konserten fann stad på Hulen og stemninga var god. Det var mange frammøtte og korpset spela fin julemusikk til ei veldig spennande forteljing om den forsvunne Gubben.


Det var meldt storm i dagane etterpå, snøstorm. Torsdagen gjekk forsåvidt greit, litt vind, men lite snø. Då fredagen kom derimot var det ikkje tvil om at snøstormen var her. Det passa så utrulig dårleg at snøen skulle komme akkurat den dagen, for meg og Aksel skulle på advenstlunsj i Olsvik Menighet, der me har gått på babysang.


Eg bestemte meg for å sjå an veret litt utover dagen, dersom det roa seg skulle eg kanskje våge meg ut. Det såg dårleg ut og eg bestemte meg eigentlig kjapt for at det vart innedag på oss. Vemodig. Men då klokka nærma seg elleve (lunsjen starta tolv) roa faktisk vinden seg, så eg tok ein kjapp beslutning om at me tok sjansen likevel. Fem minutt seinare var me i bilen (eller Aksel var i bilen, eg stod utanfor å tok vekk snølaget).


Det var heldigvis godt brøyta på hovedvegane, det var bare den siste lange bakken opp mot kyrkja som var noko glatt. Her var det nemlig ikkje måka og det var heller ikkje så veldig oppkøyrt. Vel, me kom oss iallfall heilt opp og då me skulle heim hadde brøytebilen funne vegen opp bakken den og. Sjølve lunsjen var superkoslig så eg er veldig glad for at me gjekk til tross for at me gjekk glipp av babysangen som starta halv elleve.


Resten av helga har vore rolig, Thomas er litt rufsen i formen og så har han siste eksamen på onsdag. Så me har lagt oss tidlig, stått opp tidlig og bare slappa av og kosa oss. På laurdag hadde min bestefar bursdag så då tok me oss ein tur der for litt kake og sosialt samvær. Aksel blei veldig glad for å sjå mormor og besten som og hadde tatt turen.


Igår kom plussgradene og med dei kom regnet og. Idag er den fine snøen berre eit vagt minne. Men det var nokre koselege dagar som gav meg mykje julestemning. No gler eg meg faktisk litt til jul.




fredag 29. november 2013

PHOTO BY MARTE STRØMME

I oktober hadde eg ei venninne på besøk for å ta litt bilete av Aksel. Ho er veldig flink med foto og hadde lyst å øve seg litt på ein baby så me stilte sjølvsagt gladeleg opp :-)

Her er nokre av dei:






torsdag 28. november 2013

I DET SISTE

Sidan det er så lenge siden eg har blogga kan eg vel skrive litt om kva som har skjedd i det siste. Eg og Aksel koser oss masse heime, tenk at det bare er litt over ein månad til eg starter å jobbe igjen, delte kjensler angåande akkurat det. Både gler meg og gruer meg, tenkjer nok gutane skal kose seg heime, men samstundes er jo Aksel vant til å ha mammaen sin i nærleiken stort sett heile tida. Heldigvis er det bare 50% så det skal nok gå greit.


På Akselfronten har det skjedd store ting, då han bikka sju månader var det som ein propp vart tatt ut og mykje løsna. Han fekk sine første tenner og han lærte seg og åle framover, derfra var vegen kort til å reise seg og no vil han bare stå over alt. Og då meiner eg overalt. Veldig stas, men merker det er noko annleis å ha han med på besøk til folk no, hehe. Han er og oppe i fire måltid med fast føde, frukostgraut, lunsj med skive og frukt, middag og smoothie til dessert og kveldsgraut. Ein konsekvens av dette er at det er mykje mindre melk på matskjema og no ammar eg nesten ikkje lenger, litt vemodig at det snart er slutt, vetle babyen min blir stor. På kvelden har me gått over til å gi han flaske då han ikkje greide å konsentrere seg om det naturlege matfatet lenger, men på morgonen går det heldigvis bra enn så lenge.

Her tilbringer han mykje tid, allereie svært glad i TV-boksen ja :)
 Idag hadde me siste time med babysvømminga for i år, men heldigvis har me meldt oss på til neste år og er klar allereie i januar igjen. Siste gongen med babysang imorgon er det og, det blir vemodig for til neste år er Aksel for stor til å vera med på det. Men me skal nok dukke opp i barnehagen som babysangen er gjennom fleire gonger iløpet av våren. Det er jo så kjekt der, både for liten og stor.

Her ser de dei fine nye tennene hans, no venter me bare på fleire.
Me er og i full gong med planlegginga av oppussing neste sommer, det er andre etasjen som står for tur og me gler oss til å komme igong, men meir om dette får komme i eit eige innlegg trur eg.

søndag 24. november 2013

GUTTEROMMET

Tenk at eg ikkje har blogga på ein evighet, vel det er på høg tid. Eg trur litt av grunnen er at Aksel no har blitt veldig aktiv, noko som sjølvsagt er kjempestas, men som igjen gir meg mykje mindre "eigentid" på dagen.

Eg tenker å starte opp at blogginga med ein lite biletebonanza fra gutterommet. Planen er å pusse opp heile etasjen oppe til sommeren, difor har me ikkje prioritert så veldig på gutterommet. Men sjølv om stilen er svært enkel så synes eg faktisk det har blitt ganske så koseleg der oppe. Det enkle er ofte det beste :-)

Denne delen er eg mest nøgd med. Bokstavane har eg kjøpt på Panduro og mala dei blå, kunsten på veggen har Aksel sjølv laga og bokhyllene har Thomas fiksa. Barnerom på budsjett med andre ord :-)

Disneybøker som meg og min bror hadde då me var små, litt slitt men det er eindel av sjarmen det :-) Nokre nye bøker er det og, og masse plass til enda fleire.


Anbefaler å laga hand/fot avtrykk før dei blir 7,5 mnd gamle, det var litt eit prosjekt. Men det blei nokre fine avtrykk til slutt ;-)

Eg har lyst å bytte den svarte ramma i ei som er kvit samt har eg lyst å henge opp nokre fleire, litt mindre bilete på denne sida :-)

Bamsar er viktig, og dåpseska hans <3


Fargane som går igjen er blått, kvitt og gul/orange. Fin kombinasjon synes eg :-)

Her søv prinsen! Fått seg pute og alt!

Og fin utsikt har han og, rett opp mot Ulrikens topp!
Så slik ser det altså ut på gutterommet her i huset. Så skal det vera sagt at han har eit teppe med "bilbane" på og leiker med masse fargar, men eg rydda dei vekk for fotograferinga si skuld :-) Så det er ikkje fullt så sterilt som det kanskje framstår av bileta.

lørdag 28. september 2013

FOTOSHOOT

Øver meg stadig på å bli litt flinkare med kameraet, har lert meg nokre triks hos flinkaste Hege og innimellom greier eg å få det sånn nokolunde til. Så her kjem eit lite biletedryss av verdas vakraste guttebass <3





Godguten då! Vakraste <3




På dette bilete fekk eg verkeleg kamera til å jobbe saman med meg, her stemmer ALT, Aksel skulle berre smilt vinnersmilet sitt :) Øving gjer meister som dei seier!

ENDELEG!

Heilt sidan me overtok huset vårt har me tenkt på, planlagt, ønska oss og lengta etter ei ny ytterdør. Den me hadde fra før var ikkje særleg fin, den passa iallfall ikkje huset og viktigast av alt: den var absolutt ikkje tett (me kunne faktisk sjå ut gjennom ei sprekk mellom døra og karmen). Men så har det vore mykje å gjere på huset, først måtte me få kjellaren klar for utleige, når det var klart måtte me ordne oss eit bad (sidan "hovedbadet" i huset var i kjellaren), innimellom desse to ganske store prosjekta har det vore mykje små prosjekt og så me har ikkje hatt anledning til å priorotere ny dør.




Rundt juletider i fjor bestemte me oss for at når me fekk skattepengane våre til sommaren så skulle me kjøpe ny dør, men her i Nygjerdet 10 kunne me ikkje ha berre kva som helst dør.
Så starta jakta på den "rette".
Me var innom mykje ulike nettsider, heldigvis jobbar Thomas i ein byggevarekjede og veit difor litt kor me kan leite, men det var ikkje lett. Enten var dei ikkje fine nok, eller så var dei for dyre for budsjettet vårt.


Etter mykje om og men var me klare til å bestille oss ny dør når Juni og skattepengane kom, me var begge heilt einige om kva for ei dør det skulle bli, det vart ei av dei som var litt for dyre, men å så nydeleg. Me greide ikkje å la det vera.



 Det viste seg å vera omlag åtte veker bestillingstid, så då var det jo berre å vente då. Me engasjerte ein snekkar som Thomas kjenner til gjennom jobben og når døra endeleg kom var det berre til å finne ein dato som passa for montering. Det vart onsdag denne veka! Thomas var heime og hjalp til (greit å vera to då døra var TUNG), og kjensla når døra omsider var på plass kan ikkje beskrivast. Det vart mykje flottare enn me hadde greid å sjå for oss.




Ein anna praktisk ting er at denne døra vender utover medan den førre gjekk innover. Det kjennes jo ut som gongen vår har vorte så mykje større. Bonus.




Alt i alt er me altså veldig fornødd med denne nye, flotte døra og det var vel verdt å vente så lenge for å få ei dør av god kvalitet og ikkje minst ei dør som kler huset så godt.

(Eg må jo berre beklage for litt dårlege bilete, eg er ikkje så god fotograf som eg skulle ønskje og det kjennes ikkje som døra blir like fin som den faktisk er i verkelegheita, for den er faktisk råfin) :-)

torsdag 12. september 2013

7 MND

Tenk at Aksel vår har blitt sju månadar allereie! Kor blir tida av? det er altså bare fem månadar til eg begynner på jobb igjen (bare, hihi). Eg tenkjer nok eg skal vera meir enn klar når me kjem så langt, barnehagestart er jo ikkje før i August, og det er igrunn det eg kvir meg for.


Han er ein veldig blid og nøgd gutt, og han elskar når pappaen tuller med han :-)

Den siste veka har eg vore litt småsjuk, eg trur eg kjørte meg litt for hardt med tanke på trening forrige veke, det er så lett å bli reve med. Det resulterer i ei veke utan noko form for mosjon, keisamt. Idag kjenner eg meg heldigvis litt betre så satser på ein frisk start frå mandag av, med trening, trilletur og sunn mat.



Maten går ned på høgkant, her er det middag det går i. Kjøttkaker med søtpotet, namnam! :P

Aksel er jo i kjempeslag for tida, og han har vore kjempesnill med mammaen som ikkje har vore i toppform. Inatt sov han faktisk 12 timer i eit strekk, det er fyrste gongen han har sove så lenge uten å vekke oss for litt mat. Det er heilt tydeleg at han søv betre på eige rom iallfall. Han er blitt så stor gutt no, og det neste me venter på er kryping. Han er ikkje så langt unna eigentlig, det er berre det at når han vil framover så løfter han både armar og bein og ser ut som han hopper i fallskjerm, hehe. Men han er flink til å snu seg i sirkel, og bevegelsane er på plass, det er berre den vetle koden som skal knekkast.

Og ikkje minst kan han drikke frå tutekopp, SÅ flink :-) 

I det siste har også vetleguten "oppdaga" kattane og. Altså, han har jo heile tida vore oppmerksom på at dei er her, men no har han begynt å prate litt til dei når dei går forbi han og sånn. Veldig artig å sjå på, men eg trur kattane sjølv er noko meir skeptiske :-)