mandag 9. desember 2013

ÅRETS FØRSTE SNØFALL

Jada, årets første snøfall har både komt og forsvunne allereie. Det heile starta forrige veke, på onsdag var eg nemlig på julekonsert med Musikselskabet Larmonien. Konserten fann stad på Hulen og stemninga var god. Det var mange frammøtte og korpset spela fin julemusikk til ei veldig spennande forteljing om den forsvunne Gubben.


Det var meldt storm i dagane etterpå, snøstorm. Torsdagen gjekk forsåvidt greit, litt vind, men lite snø. Då fredagen kom derimot var det ikkje tvil om at snøstormen var her. Det passa så utrulig dårleg at snøen skulle komme akkurat den dagen, for meg og Aksel skulle på advenstlunsj i Olsvik Menighet, der me har gått på babysang.


Eg bestemte meg for å sjå an veret litt utover dagen, dersom det roa seg skulle eg kanskje våge meg ut. Det såg dårleg ut og eg bestemte meg eigentlig kjapt for at det vart innedag på oss. Vemodig. Men då klokka nærma seg elleve (lunsjen starta tolv) roa faktisk vinden seg, så eg tok ein kjapp beslutning om at me tok sjansen likevel. Fem minutt seinare var me i bilen (eller Aksel var i bilen, eg stod utanfor å tok vekk snølaget).


Det var heldigvis godt brøyta på hovedvegane, det var bare den siste lange bakken opp mot kyrkja som var noko glatt. Her var det nemlig ikkje måka og det var heller ikkje så veldig oppkøyrt. Vel, me kom oss iallfall heilt opp og då me skulle heim hadde brøytebilen funne vegen opp bakken den og. Sjølve lunsjen var superkoslig så eg er veldig glad for at me gjekk til tross for at me gjekk glipp av babysangen som starta halv elleve.


Resten av helga har vore rolig, Thomas er litt rufsen i formen og så har han siste eksamen på onsdag. Så me har lagt oss tidlig, stått opp tidlig og bare slappa av og kosa oss. På laurdag hadde min bestefar bursdag så då tok me oss ein tur der for litt kake og sosialt samvær. Aksel blei veldig glad for å sjå mormor og besten som og hadde tatt turen.


Igår kom plussgradene og med dei kom regnet og. Idag er den fine snøen berre eit vagt minne. Men det var nokre koselege dagar som gav meg mykje julestemning. No gler eg meg faktisk litt til jul.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar