søndag 29. desember 2013

AKSEL SI FØRSTE JUL

Hei og god jul alle saman! For ei flott jul dette har vore, og den er ikkje over enda, heldigvis. Me starta juleferien med å berre slappe av her heime, bake julekaker, høyre på julemusikk og pakke inn gåver. Veldig kjekt at Thomas hadde mulighet til å ta ut ferie heile romjula dette året, etter ein hektisk haust er det godt med litt ekstra tid saman <3

Oiii, er denne til MEG????

Gaven fra oss og eindel gåver som enda ikkje var åpna :-)
Vetle julafta satte me kursen sørover mot Stord, me feira julafta der saman med min familie. Ein fantastisk dag som alltid. Me kosa oss med nydeleg julelunsj før Aksel fekk åpna litt gåver (trur ikkje han skjønte så veldig mykje av det, men han likte godt alt han fekk) før me heiv oss i finstasen og gjekk på julegudsteneste i kyrkja, det er tradisjon og veldig kjekt å ha med Aksel for fyrste gong. Han var veldig flink og tolmodig gjennom heile gudstenesten, flinke guten vår :-)

Den største gåva var fra Onkel ;-)
Ny bamse og gåvogn, også fra Onkel ;-)
Når me kom heim fekk Aksel leika litt med dei nye leikene før det var leggetid for han og middagstider for oss vaksne. Pinnekjøtt på menyen som alltid og det var heilt fantastisk. Eit flott måltid i godt selskap. Etter middag var det dags for å finne ut kva som skjulte seg under treet, og det var det mykje fint. Så heldig me er. Av Thomas fekk eg mellom anna ei arbeidsbukse slik at eg skal vera klar for oppussing når våren kjem, og den var sjølvsagt knallrosa! Han kjenner meg godt :-)

Familien Ådnanes/Ødegård ;-)
1. Juledag reiste me vidare mot sørlandet. Ein liten svipptur berre, men for nokre flotte dagar me har hatt der nere og. Me budde hos søstera til Thomas denne gongen og det var kjempekoselig. Aksel har vert så tolmodig i bilen både til og fra (til tross for at reisa heim tok 10,5 timer grunna fergetrøbbel) og me har fått sett dei fleste me hadde tenkt å treffe medan me var der!

Kjempekjekt å leike hos Oldemor :-)
Litt middagsmat hos Bestemor og Bestefar på Kosvik <3
No er me heime i Nygjerdet igjen og det var godt å sjå att dei fine pusane våre. Borte bra, men heime best som dei seier. Me har iallfall fått mange gode minner denne jula og Aksel har feira jul for første gong <3 :-)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar