fredag 3. januar 2014

2013

2013 har vore eit veldig fint og annleis år for oss. I starten på året vart med foreldre for fyrste gong, det største ein kan oppleve, uten tvil. Det har vore så fantastisk å følgje med på Aksel dette året, sjå korleis han har utvikla seg fra å vera ein bitteliten baby som berre kunne ligge stille, til å bli ein nydeleg liten stor gut som krabbar rundt på alle fire i den farten, reiser seg opp og spiser sjølv.


Det og bli foreldre er ein stor omveltning, den aller største dette første året vil eg sei er døgnrytmen. Du veit du er småbarnsmor når du våkner klokka åtte på morgonen og føler du har sove kjempelenge. Før var det gjerne vanleg å sove til tolv i helger, men no er me som regel oppe i sju tida. Me går heller nesten ikkje "ut" lenger, helgene blir som regel tilbragt heime i ståva og eg er i seng før elleve slik at eg skal vera opplagt til å vera ei god mamma for Aksel når dagen starter.



I mai hadde me dåp for vetle guten vår, ein kjempefin dag saman med familen. Det var ein stor dag og eg trur eg snakkar for oss begge når eg seier at me sjeldan har vore stoltare enn når me bar Aksel opp kyrkjegolvet. Ein rørande opplevelse.

Når sommeren kom reiv me opp Rhododendronane på framsida av huset og kjørte dei til Stord. Planen på sikt er å legge heller der istaden slik at me kan få brukt plassen når det er fint ver. Enn så lenge er det iallfall litt meir ope og lyst for dei som bur i kjellaren. Thomas og ein kompis fekk og lagt isolasjon inn i veggen der som baderomsrøyra våre ligg slik at dei forhåpentlegvis ikkje skal fryse på igjen.


Etter dette hadde me oss to nydelege veker hos familien på sørlandet. Det er vanskeleg å forstå at me fekk plass i bilen (me kjøre Starleten), men det gjekk veldig fint. Nokre turar bort på Kjekse blei det og tid til og Aksel trives der borte.


Hausten har me brukt til å kose oss med babysvømming og babysang, trilleturar og koselege stunder sammen som familie. Me har og byrja på planlegginga av det som skal skje oppe til sommeren. Me har laga budsjett, bestilt snekker og eletriker. Me er nesten einige om kva golv me skal ha og listene til taket er allereie produsert.



Andre ting som skjedde i løpet av hausten var at me solgte Starleten og kjøpte oss ny bil. Ein Ford Escort Atlanta, som til no iallfall har gjort godt inntrykk på oss. Me trengte fleire dører og betre plass. Rett etterpå kjøpte me ny sofa til ståva og, eit godt kjøp. I oktober fekk me endeleg ny ytterdør og, ein gledens dag!


Thomas har og fullført nokre eksamenar til på BI både på vår- og haustparten og no har han bare eit semester igjen så er han ferdig. Eg må innrømme eg er veldig stolt av det han får til :-)

Mot slutten av året kom eg endeleg skikkeleg igong med treninga igjen etter svangerskapet og det kjennes godt. No trener eg på Elixia på Laksevåg og der stortrives eg. Ein skikkeleg triveleg plass.

I desember har me kosa oss med førjulsting og Aksel har feira si første jul. Eg trur ikkje han skjønte så mykje av kva som skjedde, men at det var ein spesiell dag var det nok ingen tvil om. Han fekk mykje flotte gåver og var kjempetolmodig i kyrkja. Sjølve julekvelden sov han bort, akkurat det same med nyttårskvelden i grunn. Sov seg gjennom alle rakettane :-)


No er me kjempeklare for eit nytt år her i Nygjerdet. Mon tru kva det har å by på?

1 kommentar:

  1. Og det har vert eit fantastisk år å følga dåke i! 2014 blir enda bedre <3

    SvarSlett