Nytt år, blanke ark. Planane for det kommande året er mange, som vanleg her hos oss, aldri eit keisamt augneblink her i Nygjerdet.
Ein roleg start på året der eg som mange andre tenker å trene meir, spise mindre og ta vare på dei rundt meg. Ver ei god mamma, bli flinkare til å legge bort mobilen, vera meir tilstades. Det høyres jo så enkelt ut, men det er skikkeleg vanskeleg, iallfall det med å spisa mindre og legga vekk mobilen. Eg skal iallfall prøve.
Thomas skal igong med bacheloroppgåva si denne våren, sprøtt å tenkje på at han er komen så langt allreie. Som mange veit studerer han økonomi på BI ved sida av jobben sin. I starten var han på skulen to/tre kvelder i veka fra fem til ni i tillegg til jobb fra sju til halv fire kvar dag. Det står respekt av det altså, for han har fått gode karakterer og. Eg skal innrømme eg gler meg litt til han er ferdig, for det er ikkje tvil om at det krev litt ekstra av han.
Men før denne oppgåva skal leverast så skal det skje ting på husfronten. Me skal pusse opp og snekkeren er bestilt til første veka i juni, innen den tid skal me ha reve ALT som er oppe i andre etasje (utanom badet, sjølvsagt). Puh. Planen er å starte rundt påsketider, men kjenner eg oss rett kjem me nok til å starte lenge før, iallfall på opprydding/flytting av alt som er der oppe.
Ein førebels plan er at me skal sove oppe på loftet mens det pågår, men me skal ha sengene våre så lenge som det lar seg gjera i andre for det er utan tvil enklast med tanke på Aksel. Det blir nok ein kaosheim her det første halvåret, men du og deg så fint det skal bli når det står ferdig.
Eindel planlegging gjenstår og ein del har me fått planlagt allereie. Eg gler meg iallfall veldig til me skal gå igong og den rosa arbeidsbuksa er klar!
I august er det barnehagestart for småen, og samstundes startar eg oppatt i hundre prosent på jobben. Eg ser for meg at hausten blir travel og me kjem til å henge fast i tidsklemma heilt fram til det er jul på nytt. :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar