Tenk at eg ikkje har blogga på ein evighet, vel det er på høg tid. Eg trur litt av grunnen er at Aksel no har blitt veldig aktiv, noko som sjølvsagt er kjempestas, men som igjen gir meg mykje mindre "eigentid" på dagen.
Eg tenker å starte opp at blogginga med ein lite biletebonanza fra gutterommet. Planen er å pusse opp heile etasjen oppe til sommeren, difor har me ikkje prioritert så veldig på gutterommet. Men sjølv om stilen er svært enkel så synes eg faktisk det har blitt ganske så koseleg der oppe. Det enkle er ofte det beste :-)
|
Denne delen er eg mest nøgd med. Bokstavane har eg kjøpt på Panduro og mala dei blå, kunsten på veggen har Aksel sjølv laga og bokhyllene har Thomas fiksa. Barnerom på budsjett med andre ord :-) |
|
Disneybøker som meg og min bror hadde då me var små, litt slitt men det er eindel av sjarmen det :-) Nokre nye bøker er det og, og masse plass til enda fleire. |
|
Anbefaler å laga hand/fot avtrykk før dei blir 7,5 mnd gamle, det var litt eit prosjekt. Men det blei nokre fine avtrykk til slutt ;-) |
|
Eg har lyst å bytte den svarte ramma i ei som er kvit samt har eg lyst å henge opp nokre fleire, litt mindre bilete på denne sida :-) |
|
Bamsar er viktig, og dåpseska hans <3 |
|
Fargane som går igjen er blått, kvitt og gul/orange. Fin kombinasjon synes eg :-) |
|
Her søv prinsen! Fått seg pute og alt! |
|
Og fin utsikt har han og, rett opp mot Ulrikens topp! |
Så slik ser det altså ut på gutterommet her i huset. Så skal det vera sagt at han har eit teppe med "bilbane" på og leiker med masse fargar, men eg rydda dei vekk for fotograferinga si skuld :-) Så det er ikkje fullt så sterilt som det kanskje framstår av bileta.
Kjempefint blei det! Eg er heilt inspirert og kløøøør etter å finna eit hus sånn at Thor og kan få rom :)
SvarSlett