Sidan det er så lenge siden eg har blogga kan eg vel skrive litt om kva som har skjedd i det siste. Eg og Aksel koser oss masse heime, tenk at det bare er litt over ein månad til eg starter å jobbe igjen, delte kjensler angåande akkurat det. Både gler meg og gruer meg, tenkjer nok gutane skal kose seg heime, men samstundes er jo Aksel vant til å ha mammaen sin i nærleiken stort sett heile tida. Heldigvis er det bare 50% så det skal nok gå greit.
På Akselfronten har det skjedd store ting, då han bikka sju månader var det som ein propp vart tatt ut og mykje løsna. Han fekk sine første tenner og han lærte seg og åle framover, derfra var vegen kort til å reise seg og no vil han bare stå over alt. Og då meiner eg overalt. Veldig stas, men merker det er noko annleis å ha han med på besøk til folk no, hehe. Han er og oppe i fire måltid med fast føde, frukostgraut, lunsj med skive og frukt, middag og smoothie til dessert og kveldsgraut. Ein konsekvens av dette er at det er mykje mindre melk på matskjema og no ammar eg nesten ikkje lenger, litt vemodig at det snart er slutt, vetle babyen min blir stor. På kvelden har me gått over til å gi han flaske då han ikkje greide å konsentrere seg om det naturlege matfatet lenger, men på morgonen går det heldigvis bra enn så lenge.
|
Her tilbringer han mykje tid, allereie svært glad i TV-boksen ja :) |
Idag hadde me siste time med babysvømminga for i år, men heldigvis har me meldt oss på til neste år og er klar allereie i januar igjen. Siste gongen med babysang imorgon er det og, det blir vemodig for til neste år er Aksel for stor til å vera med på det. Men me skal nok dukke opp i barnehagen som babysangen er gjennom fleire gonger iløpet av våren. Det er jo så kjekt der, både for liten og stor.
|
Her ser de dei fine nye tennene hans, no venter me bare på fleire. |
Me er og i full gong med planlegginga av oppussing neste sommer, det er andre etasjen som står for tur og me gler oss til å komme igong, men meir om dette får komme i eit eige innlegg trur eg.
Gler meg sånn til å sjå dåke i helga!
SvarSlettKor mykje koster babysvømminga? Kanskje eg skal prøva å melda oss på fra februar ;)