lørdag 28. september 2013

ENDELEG!

Heilt sidan me overtok huset vårt har me tenkt på, planlagt, ønska oss og lengta etter ei ny ytterdør. Den me hadde fra før var ikkje særleg fin, den passa iallfall ikkje huset og viktigast av alt: den var absolutt ikkje tett (me kunne faktisk sjå ut gjennom ei sprekk mellom døra og karmen). Men så har det vore mykje å gjere på huset, først måtte me få kjellaren klar for utleige, når det var klart måtte me ordne oss eit bad (sidan "hovedbadet" i huset var i kjellaren), innimellom desse to ganske store prosjekta har det vore mykje små prosjekt og så me har ikkje hatt anledning til å priorotere ny dør.




Rundt juletider i fjor bestemte me oss for at når me fekk skattepengane våre til sommaren så skulle me kjøpe ny dør, men her i Nygjerdet 10 kunne me ikkje ha berre kva som helst dør.
Så starta jakta på den "rette".
Me var innom mykje ulike nettsider, heldigvis jobbar Thomas i ein byggevarekjede og veit difor litt kor me kan leite, men det var ikkje lett. Enten var dei ikkje fine nok, eller så var dei for dyre for budsjettet vårt.


Etter mykje om og men var me klare til å bestille oss ny dør når Juni og skattepengane kom, me var begge heilt einige om kva for ei dør det skulle bli, det vart ei av dei som var litt for dyre, men å så nydeleg. Me greide ikkje å la det vera.



 Det viste seg å vera omlag åtte veker bestillingstid, så då var det jo berre å vente då. Me engasjerte ein snekkar som Thomas kjenner til gjennom jobben og når døra endeleg kom var det berre til å finne ein dato som passa for montering. Det vart onsdag denne veka! Thomas var heime og hjalp til (greit å vera to då døra var TUNG), og kjensla når døra omsider var på plass kan ikkje beskrivast. Det vart mykje flottare enn me hadde greid å sjå for oss.




Ein anna praktisk ting er at denne døra vender utover medan den førre gjekk innover. Det kjennes jo ut som gongen vår har vorte så mykje større. Bonus.




Alt i alt er me altså veldig fornødd med denne nye, flotte døra og det var vel verdt å vente så lenge for å få ei dør av god kvalitet og ikkje minst ei dør som kler huset så godt.

(Eg må jo berre beklage for litt dårlege bilete, eg er ikkje så god fotograf som eg skulle ønskje og det kjennes ikkje som døra blir like fin som den faktisk er i verkelegheita, for den er faktisk råfin) :-)

3 kommentarer:

  1. Knallfin! Så utrulig deilig med ei ny, fin dør! :)

    SvarSlett
  2. Kommentar fra Jørgen: ja, veldig fin faktisk. Kjempeflott!

    SvarSlett