onsdag 31. oktober 2012

THOMAS GJER TING HAN IKKJE KAN: LISTING

Heihei! Å, idag har vore ein god dag, eg har nemleg hatt fri fra jobb. Sov til klokka var omlag 08.15, to timar lenger enn vanleg, eg var i himmelen, stod opp til to kosete pusekattar som var glad for at matmor var heime :) Klokka 10.00 kjørte eg avstad mot svømmehallen, ein liten tur innom Laksevåg Senter på vegen for å kjøpe med meg ein badedrakt og så var eg der. Eg kan ikkje beskriva kor godt det var å bevega kroppen litt igjen, det er jo ingen hemmelegheit at eg saknar trening i kvardagen, men det kjem jo det og, etterkvart.

Ellers har eg starta eit prosjekt i andre etasje, idag har eg berre rydda der oppe så skal eg forsetje på fredag når eg har fri igjen så kjem det vel litt bilete etterkvart. Det er ikkje dei største endringane, men me må jo lage litt plass til den kommande babyen vår <3

Så til overskrifta: Thomas gjer ting han ikkje kan, idag var det listing som stod på planen, og det gjekk veldig bra sjølv om han sleit litt i starten. Thomas har aldri lista før (seier han iallfall) så han var litt skeptisk til om han kom til å få det fint, men det gjorde han altså! Eg er iallfall imponert over mannen min, som vanleg :)

Imorgon skal me muligens ein tur på IKEA, kva me skal der kjem nok på bloggen om ikkje lenge, så følg med!

Litt oppgitt her som de ser...

Men berre sjå her kor flott det blei. SÅ herleg å endeleg ha lister her, gangen vart som ny :)

Eg seier berre: Alt du vil, får du til :)

tirsdag 30. oktober 2012

BURSDAG PT.2

Me har rett og slett feira litt bursdag idag og me, hehe. Idag var det ein betre middag som stod på planen, ytrefilet av svin med grønnsaker og fløtesaus, nomnom. Og litt restekake til dessert, sjølvsagt.

Ellers har det vore ein roleg dag, eg slappa av ein og ein halv time på sofaen før Thomas kom heim frå jobb (elskar at eg sjølv er så tidlig ferdig), sjølv om det ikkje er så veldig lett å sove med to kattepusar som brukar meg som leikestativ. Dei plar alltid vera heilt i hundre når eg kjem heim frå jobb, så brenn dei fra seg alt kruttet ein times tid medan eg lagar og et middag, men når eg skulle kvile litt FØR eg starta på maten så var det sånn det blei gitt. :)

Etter den gode maten var det tid for sinnasnekkaren, og me blir jo alltid litt inspirerte av den serien så no har Thomas akkurat vore ute i gongen å målt opp kor lange lister me treng der ute. For de huskar vel den veggen me satte opp for å stenge av ved trappa til kjellaren? Den manglar framleis lister, i helga skal det skje. Listing er ein sånn typisk ting som ofte blir igjen, også er det jo SÅ fort gjort å berre fikse det og bli ferdig. I omlag alle episodar av sinnasnekkaren så er det alltid ett rom eller to som eigentleg berre treng lister for å bli ferdig, og sinnasnekkaren spør alltid, kvifor gjer du det ikkje bare? Det er jo så kjapt gjort. Me kjente oss truffen av den idag :)

Imorgon har eg fri og skal etter planen ut å symje litt og kanskje få gjort litt husarbeid og, det hadde vore herleg! Me snakkast!

Må jo nesten legge med eit bilete av den berømte hjartekaka eg laga igår.

Den kan de tru falt i smak hos guten :)

Berre sjå her kor glad han er! Klar for festmiddag :)

Nydeleg var det!!!

mandag 29. oktober 2012

BURSDAG

Idag har guten i huset bursdag, han blir heile trettifire år gammal og det må jo feirast! Eg har prøvd så godt eg kunne å gjera det til ein dag han vil huske på, før klokka var sju idag hadde eg allereie sunge bursdagssangen til han tre gonger, i tre ulike versjonar. Godt han ikkje er morgongretten, for det kunne gjerne vore litt over the top for folk flest.

Etter jobb kjørte eg innom senteret her på Laksevåg for å plukke opp eit par bursdagsremedier, som til dømes 1-2-3 boller og 1-2-3 kake, eg er ikkje noko kløpper på baking akkurat, men det er vel tanken som tel? Ein bukett haustroser fekk eg og plukka med meg, og ei lita bok i gåve. Ikkje det heilt store kanskje, men han vart glad han :) Thomas er nemleg så heldig at han fekk gå på skulen på bursdagen sin dette året, så då vart det berre tomatsuppe til middag, og når han kjem heim skal eg overraske han med nysteikte boller og ei forhåpentlegvis hjarteforma gulrotkake med glasur på.

Ellers går det bra med oss her i heimen, eg får stadig vekk høyre at eg bloggar sjeldan, og det er heilt sant. Det går stort sett i baby og pusekattar her altså, hehe, orkar dåke fleire bilete av kattane no?? Me plar alltid ha ein liten kosetime på sofaen etter jobb meg og pusane, men idag har eg ikkje hatt tida til det då eg har vore bakemeister, så dei har altså dilta etter meg konstant. Sitt nede på golvet å kikker opp på eg med dei skjønnaste augo, "skal du ikkje kosa med oss?". Kvar gong eg har tatt ein liten pust i bakken så er dei i fanget med eingong, eg blir jo heilt rørt :)

Eg nemnde såvidt at eg skulle til jordmor på fredag som var, det gjekk fint, ho virka veldig koseleg og lokala var heilt nyoppussa og flotte. Det skal bli kjekt å gå der framover. Eg var ein tur hos legen og på fredag, så no skal eg prøva å jobba femti prosent nokre veker, så får me sjå om det kan hjelpe på bekkenet mitt, eg har så lyst å få det litt i orden før eg blir enda større og tyngre og ikkje minst før fødselen. Så svømmehallen, here I come.

Boller i omnen! (Snart) :)

Skal prøve å lage eit hjarta av denne. 

Haustbordet :)

Søt pus!

Eg og babyen har tatt på kjole idag, akkurat 24 veker og SÅ stolt over magen min <3 :)

Dei er flinke å posere desse kattane, hehe, har de sett noko så søtt før? :)))


torsdag 25. oktober 2012

HAUST

For nokon flotte fargar det er ute om dagen, raudt, gult og oransje er fargar som dominerar når eg kikker ut av vindauga her heime og eg elskar det. Idag kom det nokre snøfnugg og, DET synes eg var i overkant tidleg og eg håpar kong vinter kan la vente på seg ei stund til.

Her hos oss går det i det same, me jobbar og kosar oss med pusane. På mandag var me hos vetrinæren med kattane for å gi dei vaksine. Første gongen i bur, og det gjekk greit, men dei synes ikkje det var veldig stas å køyre bil stakkars, det må me nok øve litt meir på. Hos vetrinæren kosa dei seg derimot og la ikkje eingong merke til at dei fekk sprøyte, flinke pusane våre. Me fekk ein viss peikepinn på kor gamle dei var og, me tenkte dei var omlag tre månadar no, men fekk beskjed om at det nok var nærare to. Dei var altså ikkje gamle då dei kom til oss, kanskje berre ein 5-6 veker. 

Eigentleg burde dei vera ilag med mor si til dei er omlag 12 veker, dette for å lera seg skikk og bruk. Så me må vera flinke med dei framover så dei ikkje blir sære og legg seg til uvanar, dette var veldig vanleg å sjå hos kattar som vart separert fra mora si for tidleg, men det skal nok gå bra. 

Ellers har me vore på barnevognjakt og, eg kjenner eg treng å få på plass litt sånne ting no, men det er jo enda fire månadar att. På tysdag kjørte eg og Thomas ut i Åsane ein tur for å kikke, der er det ein butikk som sel dei vognene som eg i utgongspunktet hadde bestemt meg for. Men då eg kom ut der så likte eg dei ikkje noko særleg. Eg kunne like bagdelen, den delen som ein brukar når det er baby, men sportsvogna som skal brukast når bornet vert litt eldre falt ikkje heilt i smak. I tillegg så var vogna stor og eg hadde aldri fått plass til den i bilen min. Så då gjekk eg inn i tenkeboksen på nytt.

Igår spurte Marith om me skulle reise ut på Nordås å kikke, og eg var jo ikkje vanskeleg å be. Her var betjeninga mykje betre og eg følte eg fekk veldig god hjelp til å velje ei vogn som passa vårt behov. Så det falt på ei trehjulsvogn frå TFK, sjølv om eg var fast bestemt på firhjulsvogn i utgongspunktet. Men denne var veldig god å trille, den vart veldig liten når ein la den saman og eg likte godt både bagdelen og sportsvogna. Eg har forløpig berre lagt den av, men gler meg sånn til å plukke den opp om ein månad. 

Imorgon er det ny time hos jordmor, så då kjem det nok eit nytt babyinnlegg imorgon med oppdatering om korleis det står til. Eg gler meg :)

Me har arva ein kjempefin stellekommode.

Og igår fekk eg kjøpt ei stellematte til og. Den første babytingen er altså på plass i heimen. 





torsdag 18. oktober 2012

22+3

Hei alle. Det er snart helg att, vekene går fort og denne helga skal eg heim til Stord. Eg reiser etter jobb imorgon og skal ha ei venninne med meg i bilen, alltid kjekt med selskap og iallfall når det er nokon eg ikkje har sett på alt for lenge. Gler meg.

Denne veka har det ikkje skjedd så mykje, det går i jobb på dagtid og avslapping samt kosing med pusane på kveldane. Merkar at dei er blitt mykje større på den korte tida dei har vore her hos oss, tenk at det snart er tre veker sidan allereie. Dei er husvarme nok iallfall, idag då eg kom heim frå jobb fant eg ein pusekatt på spisebordet i tillegg til at alt laust på Thomas sitt skrivebord låg på golvet. Tydeleg at dei kosar seg medan me er vekke ja.

Ellers går det bra med meg og minsten og, for dei som skulle lure på det. Kosar meg masse om dagen og elskar å kjenne dei små bevegelsane i magen. Det blir stadig meir no, og enkelte dagar er det liv jamt over nesten heile dagen. Formen er heldigvis og bra og neste veke skal eg endeleg til jordmor igjen, det gler eg meg til. Sist gong var eg jo privat, men denne gongen er det gjennom kommunen og det er ho eg skal gå til resten av svangerskapet, håpar ho er grei :)

Idag er eg 22+3 veker på veg, altså ganske nøyaktig fem månadar. Legg ved eit bilete av meg som Thomas tok av meg og den svarte pusen før idag, sidan det er fleire som stadig etterlyser bilete av den stadig voksande magen.

Dersom eg ser litt trøytt ut er det berre fordi eg er heilt fri for sminke og akkurat har sove litt :)

tirsdag 16. oktober 2012

SØTT

Er det mogleg å vera så søte? Dette er berre nokre av alle dei morosame bileta me har knipsa av desse to søtingane! Dei gjer jo så mykje artig heile tida. Dei er veldig klar over at alle bord er forbudt å gå på, og dei respekterer det når me er heime, men kva dei gjer når me er borte kan me jo ikkje veta. Då eg kom heim frå jobb idag hang tastaturet til Thomas berre i ledningen ned fra skrivebordet, hehe, så når sjefen er borte dansar tydelegvis kattane på bordet, nokre spor er vanskelege å skjule:)

søndag 14. oktober 2012

HAUST

No er det ingen tvil om at hausten er her, det er jo verkeleg nydeleg ute no, og denne veka har me hatt strålande vér her i Bergen.

Det er ei stund sidan eg har blogga no, men veldig mykje nytt er det likevel ikkje. Det handlar stort sett om kattar med meg for tida. Herregud dei veks fort, snart er dei vaksne kattar og ikkje ungar lenger. Men lekne, det er dei. Igår var me på dyrebutikken og kjøpte litt leiker til dei, nokre mus som lagar litt lyd og eit lite stativ. Gjett om det falt i smak hos dei firbeinte, leikene har omtrent ikkje fått fred sidan me introduserte dei :)

Med babyen går det og veldig bra, den sparkar jo kvar dag no og det er så kjekt. Thomas har fått kjent nokre spark og, og det er stor stas. Me har framleis ikkje handla noko til den vetle, men igår var me å henta litt arvegods, så no er ballen igong. Eg kjenner eg kjem til å ta av når eg først byrjer på dette handleprosjektet, så det er best å vente litt lenger trur eg. Men eg er jo godt igong og planlegg og prøver å finne ut kva eg faktisk treng og kva som gjerne ikkje er like nyttig. Ikkje så enkelt for ein førstegongsgravid å vite alt, men heldigvis har eg jo venninner som alt har vore gjennom det og som kan hjelpe meg litt!

Imorgon er det duka for ei ny veke, og det er alltid kjekt. Førebels har eg ikkje så mangen planar, anna enn at eg skal til Stord i helga som kjem, då er det reunion med ungdomskulen. Eg tenker eg skal ha nok ei roleg veke, kanskje prøve å komme meg ut på tur litt, og kanskje ein tur på barnevognjakt. Gler meg stort til å finne ut kva vogn me vil ha. Sjølv om me er ganske sikre kan jo det fort endre seg når me prøvetrillar :)


søndag 7. oktober 2012

21

Imorgon er eg heile 21 veker på veg og siste halvdelen av svangerskapet er allereie igong, tida går så fort. Det er snart tida for å starte på innkjøpa til den vetle. Me har jo allereie vore å kikka litt, kanskje ein tur på barnevognjakt neste helg, me må jo finne den perfekte:)

Ellers har det vore ei flott helg, eg har bare vore heime og slappa av med unntak av eit par spaserturar i nabolaget, må jo prøve å halde meg litt aktiv i det minste. Kattane har det berre fint, dei spis, søv og leikar :) På laurdag hadde me besøk av tanta og onkelen min, borna deira hadde lyst helse på pusane og det vart eit møte som var like kjekt for begge partar, både borna og pusane kosa seg ilag:)

No er det dags for ei ny veke og mykje står på agendaen. Eg personleg startar nedtellinga til neste helg, puh! :)

tirsdag 2. oktober 2012

TULLEPUSANE

Hei alle saman! Det er tysdag, og veka er snart halvvegs. Eg kjenner det er litt tungt å jobbe for tida, eg er så trøyt og greier berre ikkje å konsentrera meg i det heile tatt. Kjenner eg sett vanvittig stor pris på helger, mykje meir enn før. Men det går no greit og, har jo heldigvis ein kontorjobb og mange kjekke kolleger :)

Det er iallfall ikkje noko problem å komme seg opp om morgonen lenger, gler meg alltid til å gå ned til pusekattane. Det virker som dei kosar seg her hos oss og dei leiker absolutt heile tida. Spring etter kvarandre og klatrar opp på ting og tang. Underhaldning døgeret rundt for matfar og matmor.

Då me stod opp idag hadde den eine pusen greid å forville seg inn i kassen bak toalettet vårt nere, og den kom seg sjølvsagt ikkje ut att. Stakkar, ho har sikkert vore der i heile natt. Thomas måtte rett og slett ut i boden å hente verkty og bryte opp heile kassen, hehe, tøysepusar. Igår forvilla den andre seg inn under senga vår, og me har faktisk rammemadrass, så det skal jo noko til :)

To gode vener!

Ellers har me vore hos jordmor ein tur idag, det var kjekt. Bestilte oss ein time hos ei privat ei, sidan det tar så lang tid før ein får time gjennom kommunen. Det var skikkeleg herleg å berre sitte å snakke i over ein time med ei som har dette som fag, ei som kan alt mogleg, og som veit kva ho snakkar om. Fekk beskjed om å drikke MYKJE meir enn eg gjer, og spise litt annleis for at blodsukkeret skulle bli litt jevnare. Bekkenløysing var og på plass, så no gjeld det berre å halda det litt i sjakk slik at det ikkje blir verre. Ellers var alt tipp topp med den vetle i magen, og då blir mor og far glade :)
Dette var den første kvelden dei var her, så søte <3