Eg er borte på hytta til mamma og pappa igjen, det er så herleg. Eigentleg skulle Thomas reise til Lillesand idag, og eg synes det er keisamt å vera aleine heime, så eg avtala ein tur bort her. Men så vart Thomas invitert i ein bursdag, så no reiser han imorgon eller mandag istadanfor, men eg reiste bort her likevel eg, det er så kjekt her borte:)
Eg starta dagen med ein joggetur, den tredje for veka, prøver å komme igong, igjen. Ei venninne fortalde meg her eindag at så lenge ein har dårleg samvit når ein ikkje trenar, og så lenge ein alltid byrjer att etter pauser, så er det bra nok! Eg sleng meg på den:)
Ellers har me hatt celebert besøk her borte idag, berre sjå her:
lørdag 21. juli 2012
onsdag 18. juli 2012
SOL
For ein flott dag dette skulle bli, me har på ingen måte vore bortskjemde med fint vér denne sommaren, så det er vanvittig godt dei få gongene sola dukker opp. Idag har Thomas og Magnus gjort seg ferdige i boden, det blei vanvittig bra. Flinke er dei!
Så medan dei var fullt opptekne der heiv eg på meg treningsklede og jogga meg ein rolig tur her på Laksevåg. Eg har vore så slapp på treningsfronten den siste tida, eg prøver liksom å komme igong, men får det liksom ikkje heilt til. Så det er eit mål eg har for ferien, iallfall dei dagane eg er i Bergen skal starte med ei treningsøkt. :)
Det er berre sju arbeidsdagar igjen før eg sett kursen mot det blide sørlandet, eg skal først ein tur til Vennesla og besøke Veslemøy og familien hennar, det skal bli så godt å dei igjen alle saman, som eg saknar dei <3 Deretter går turen til Lillesand i ei veke. Etter det har eg to veker utan ein einaste plan, det er og ganske digg. Kanskje eg og mamma tar oss ein tur på hytta om det blir litt godt vér.
Eg planlegg jo eigentleg å rydde opp i den hekken utanfor her, eg føler den på ein måte ødelegg litt av heilhetsinntrykket når ein kjem opp til oss. Det fine huset, også blir det overskygga av den stygge hekken. Kvar dag når eg kjem heim etter jobb så tenkjer eg på det, at med ein LIK og FIN hekk så hadde det vore så eventyrleg flott. Men heilt ærleg talt så anar eg ikkje kor eg skal byrje, eg har ANTI-grønne hender og har bare så lite peiling på hagestell. Men ein lerar vel av å gjera, learning by doing eller noko slikt :) Eg satsar på at mannen i huset hjelp meg igong.
Ellers så har eg altså framleis ikkje greid å få knipsa dei bileta oppe, men dei kjem snart altså. Det er så mykje anna eg vil gjera enn å legga saman masse klede og sånn, hehe, men snart skal det skje. Eg vonar eg kjem til å keie meg LITT neste veke når Thomas reiser sørover, så då freistar det nok meir :)

Meg, nydusja etter joggetur. Sitt og filosoferer litt i divanen min <3 |
Ellers så har eg altså framleis ikkje greid å få knipsa dei bileta oppe, men dei kjem snart altså. Det er så mykje anna eg vil gjera enn å legga saman masse klede og sånn, hehe, men snart skal det skje. Eg vonar eg kjem til å keie meg LITT neste veke når Thomas reiser sørover, så då freistar det nok meir :)
lørdag 14. juli 2012
HELG
Endeleg vart det helg igjen, vekene går fort, og no er det berre ei veke til Thomas går på ferie og to veker til det er min tur!
Sidan sist så har Thomas byrja på "prosjekt boden", og med god hjelp av Magnus kom han ganske langt og. Heilt ferdig blei dei ikkje så det blir nok arbeid ei kveld til veka og. Det var heilt vanvittig mykje greier i den boden, ein del har jo samla seg opp etter me tok over, men det stod ein god del der inne fra før og. Eg veit ikkje om det var latskap fra deira side, eller om det tenkte me kanskje ville få bruk for det, teppefliser, fliser til badet i kjellaren, mursteinsklosser og ja, you name it :) No er det meste i bosset, og veggane har fått litt isolasjon og nye plater.
Ellers så har Laksevåg Senter blitt ein favoritt hos oss. Me er jo stadig der og handlar mat og sånn, men så har dei liksom alt me treng ellers og. Idag var me ein tur på Kid og kjøpte stolputer og løper til den nye spisestua vår. Dei hadde femti prosent på alle stolputer og me endte opp me å betala 40 kroner stk, det var ikkje gale!

onsdag 11. juli 2012
KJEKSE
Eller Kjeksa som me seier på dialekt. Eg har ikkje kome meg så langt at eg har fått knipsa bilete oppe enda, utan å høyres ut som ein typisk blogger så er det eit par ting eg vil fikse på der oppe først. Men det vart veldig bra og me er strålande nøgde med vårt nye (store) soverom.
Det einaste me må få til litt betre er gardiner, det blei faktisk veldig fint, men det er ikkje heilt mørkt nok. Men deprimerande som det er så har jo faktisk sola snudd no, og me er på veg mot mørkare tider att, så det går seg vel til :)
Igår hadde me eit stort ryddeprosjekt på gong i andre etasje, så no har me endeleg eit presentabelt gjesterom og fått rydda litt generelt. Det er sjølvsagt mykje igjen å ta tak i der oppe (ein blir jo aldri ferdig) men det skal me ordne når helga kjem, og det gler eg meg til :)
Idag er Thomas ute å jobber i boden sin, medan eg har vore på kafè med jentene i byen :P Imorgon kjem ein kamerat av Thomas for å hjelpe å ordne litt i boden, så Thomas gjer ting litt klart idag. Han står på, alltid noko å gjera på. Flinke guten min :)
Sidan eg som sagt ikkje hadde bilete fra soverommet enda, tenkte eg å leggje ved nokre bileter fra turen me hadde på hytta forrige helg. Det er (hvertfall i mine auge) verkeleg paradis på jord <3

Eg tøffar meg uti vatnet, men det var ganske kaldt :P |
Thomas nede på plattingen med hytta vår i bakgrunnen, tenk, at den har pappa bygga heilt sjølv (nesten) :) |
Brygga og "baien" :) |
Brygga til naboen vår som me deler strand saman med og naustet til "dei over haugen". |
Hoggormsteinen, ein gong me kom bort (for LENGE sidan) låg det ein hoggorm oppå her, sidan har me kalla den det. |
Båten min, sju fot og fire hestar (eller er det omvendt?) :P |
Litt meir av tomta vår :) |
Det er mange fine kveldar her borte :) |
søndag 8. juli 2012
SPISESTUE
Endeleg har me fått oss spisestue, og det vart så fint. Me hadde ein kjempefin tur på hytta, skulle gjerne vore der mykje lenger. Kjenner eg er vanvittig klar for ferie no, men det er framleis tre heile veker att, korleis skal ein komme seg gjennom dei? Thomas går på ferie ei veke før meg, me er absolutt ikkje så flinke til å time ferien vår, dette skjer nemleg kvart år :) Men det går eigentleg bra, me skal jo på ferie saman i september og så får me ei veke saman i Lillesand no. Eg vonar det blir ei keisam veke her i det store huset utan han, men eg får ta ein tur på hytta til mamma og pappa igjen så er det plutseleg berre fire netter til eg har ferie sjølv. Ferie. Ferie. Ferie.
På veg heim frå hytta henta me som sagt desse møblane hos tanta og onkelen min. Me demonterte bordet, slik at me ikkje skulle få problemer med å få det inn her i Bergen (litt smalare dører her) og det er eg glad for, det var nemleg sjukt tungt. Men me fekk det inn, og Thomas monterte det utan problem og no står det så flott på plassen sin. Det har jo vore tomt der nokre månader no så det var skikkeleg fint å få noko der igjen, så kjennes alt litt meir heilheitsleg ut.
Ellers har me såvidt komt igong med prosjekt "nytt soverom". Me kom ikkje så langt som me hadde tenkt idag, men det er igrunn min feil for eg fekk litt trøbbel då eg skulle legga opp gardinene så eg måtte berre ta ein god pause (les: to timar). Men då eg kom opp att etterpå gjekk det som ein draum og alle gardinene er no på plass. Då gjenstår berre det kjekke som Thomas seier, nemleg å rydde ut av rommet, vaske, for så å rydde inn att tinga på rommet og så hente inn senga. Kjenner eg oss rett tar det sikkert nokre dagar til :)

Eg har sett meg ut eit teppe på IKEA som eg skal ha her, i lys beige, eg tenker å finne puter til stolane i same farge samt kanskje ein løper til bordet. Det trur eg blir veldig fint :) |
Litt pynt. Flaske: IKEA. Krukker: Søstrene Grene. |
Eg elskar roser i denne fargen og det er ikkje ofte eg greier å gå forbi Mester Grønn på Laksevåg Senter utan å plukke med meg ein bukett :) |
Den nydelege lysekrona Thomas kjøpte til oss. Pappa skal komme å hjelpe oss å flytte den slik at den kjem over midten på bordet :) |
torsdag 5. juli 2012
PROSJEKT BAD: FERDIG!
Eg må berre begklage at det går nokre dagar mellom innlegga for tida, det er mykje som skjer. Igår tok eg med meg to venninner og susa ut på IKEA, målet var nye gardiner. Me skal ikkje byrje på prosjekt "nytt soverom" før på sundag, men eg lurte mannen til å henga opp ei av tre rullegardiner igår. Det er ei mellombels løysing me skal ha der oppe no, så det er ikkje så farleg korleis det ser ut, men eg vart veldig nøgd med resultatet sjøv, så får me sjå om det blir like bra i praksis.
Idag har me stått på etter jobb, Thomas har mala vindaugspostane ute ein siste gong, kjørt litt meir boss til BIR og mala toalettet. Eg har støvsuga halve huset og vaska ut badet vårt som endeleg er ferdig. Snekkaren som me har venta på i over ei veke kom idag, då fekk han opp skap rundt VVB og ei benkeplate over der igjen, samt fekk han på plass vindaugskarmane. Det blei veldig bra og det føles godt at badet no er så godt som ferdig. No manglar me berre dører til dusjen, men dei kjem jo som sagt ikkje før i august.
Imorgon skal me reisa til Kjekse, som er der familien min har hytte. Me gler oss til herleg grillmat, familiehygge og hytteidyll. Det er så nydeleg der borte, eg skal ta med kamera mitt og forhåpentlegvis får eg knipsa nokre fine bilete. På vegen heim på laurdag skal me hente spisestue hos tanta og onkelen min på Stord, dei har kjøpt seg nytt og var så snille at dei ville gi oss det gamle, som slettes ikkje er så veldig gammalt :) Me er sjølvsagt takksame for det og no gler eg meg til mange gode middagar rundt eit stort bord. Sundagen skal me bruke til å gjer klart det nye soverommet, så bilete derfra kjem nok sundag kveld!
Då ynskjer eg de ei flott helg, så bloggast me på laurdag :)

Nytt skap og benkeplate - det vart fint eller? |
Vindaugskarm!!! |
Herregud! Det ser nesten ut som ein katalog, så er det heime hos MEG? :) |
Ny korg til toalettrullar (tips frå frua sjølv (fotballfrue)) :Ikea |
Sett vekk ifrå at fargen er g r u s o m så vart det jo fint :) |
Og så til det vakraste av alt: <3 |
mandag 2. juli 2012
OPS
Eg ser at eg ikkje har blogga sidan onsdag, det var ikkje meininga, helga gjekk berre så fort denne gongen. Eg var som sagt heime hos mor, og det var superkjekt. Fekk vore litt med venninner, var på ein liten shoppingtur med mamma og spiste mykje god mat. Det oppsummerer vel det meste.
Igår var eg skikkeleg klar for å starte på ei ny veke, heilt til eg berre sov sånn fire timar inatt, og mandagen vart som dei fleste mandagar er: uuthaldeleg! Men, no har eg sove i TO timar, det var godt, og så har eg gjort litt husarbeid medan mannen har sparkla på gjestetoalettet. Så då var det ikkje så ille likevel, at me sov så lenge.
Det neste på planen vår no er gardinjakt. Me må skaffe oss nokre gardiner som kan halda lyset unna og som samtidig er litt fine. Eg tenkjer at me må ha noko rullegardin eller persienner av noko slag i tillegg, sidan mannen er ganske å lyssky når han skal sove, men eg veit ikkje kva som blir best. Eg er iallfall skikkeleg klar for å flytte inn på det STOOOORE soverommet, det blir digg.

Mamma og pappa har det så fint i hagen sin. |
Litt nostalgi må til :) |
Thomas gjer ting han ikkje kan. |
Men eg synes han er flink eg :) |
Abonner på:
Innlegg (Atom)