Titt titt, som eg plar sei til Aksel :-) No er det berre to veker pluss nokre dagar til me reiser til Sørlandet, SOM me gler oss! Eg har faktisk ikkje vore i Lillesand sidan i fjor sommer, det er altfor lenge sidan, men med graviditet og baby vart det berre sånn. Aaah, ein kan mildt sagt seie at eg GLER MEG. Trudde ei stund det var neste helg me reiste (går litt surr i datoar og sånn), blei kjempeskuffa då det gjekk opp for meg at det var ei heil veke til.
|
Fine pusen vår <3 |
Eg og Aksel skal ein tur til Stord fra mandag til tirsdag neste veke, og på fredagen reiser me bort på hytta med mamma og pappa og blir til mandagen, så tida kjem nok til å gå fort den. Så kjenner eg sjølvsagt på at pusane skal på pensjonat, akkurat det skulle eg ønske me slapp, men det er ulempen med å ha dyr, og når me skal vera vekke i om lag to veker så må nesten nokon sjå til dei. Me har funne eit koseleg pensjonat i Knarvik, og håper dei får eit fint opphald der.
|
Ho her vil berre ligge på Aksel sine ting, no har eg slått saman begge vognene, då blir det bilstolen, eller leiketeppet. Ellers har ho det fint :-) |
Forrige helg var Thomas som nemnt i Lillesand, på vegen svinga han innom på Stord og leverte fra seg tre store Rhododendrons som har stått på framsida av huset vårt, no har dei fått seg eon ny heim hos mine foreldre. Eg skal sei eg vart meget imponert då Thomas og vår gode nabo greide å få alle desse buskane inn i bilen, det var nemleg LITT av eit prosjekt! Jaja, den som ikkje vil, den skal.
|
To slitne karar, det gjekk akkurat :-) |
I dag har me starta på prosjekt sommermaling, me har nemleg bestemt oss for å male gjerdet som går rundt huset og i trappeoppgongen vår ute. There is no time like the present og me fekk gjort litt i dag, no er me igong. Eg fekk vert med i litt over ein time, men då var det slutt på tolmoden til sjefen i huset som låg i vogna si og leika. God guten vår, han er blitt kjempeflink å rulle seg fra ryggen til magen no, og det er ikkje ofte han blir liggande på ryggen når eg legg han ned lenger. I dag når han skulle legge seg byrja han og å legge seg på magen, dette var eg førebudd på og innser at legginga framover kan bli meir utfordrande, men det skal nok gå bra :-)
|
Aksel får kveldsflaska si hos pappen <3 |
|
Fornøyd gutt som endeleg kan bestemme litt sjølv korleis han vil ligge ;-) |
Og ellers har me fått skattepengane i dag, og kva me har bestemt oss for å bruke dei på får de sjå i neste innlegg...