søndag 21. april 2013

CUPCAKES OG BILETE

God sundag alle saman. Helga er snart over for denne gong, men det skremmer ikkje meg då eg har fri resten av året :)

Igår fekk me endeleg solgt den gamle bilen til Thomas, det gjorde godt. Det er liksom noko med alt som er gjort. Me feira med å oppgradere frå laksemiddag til biff og ein heil haug av sjokolade igår kveld. NAM.

Eit lite bilete av skjønningen :)

I gledesrusen greide eg og å lura Thomas til å henga opp nokre bilete på veggen for meg, eg har gått rundt med ein liten tanke om dette i månadsvis no, og har kjøpt inn litt og litt rammer, ramma inn bilete, men så har dei liksom aldri blitt hengt opp. Etter å ha prøvd nokre ulike samansetningar på golvet vart dette resultatet! Fint?

Bileta kan jo byttast ut med andre bilete når me blir lei av å kikke på disse.

Eg er iallfall storvegs fornødd.


Litt liv på veggen :D

Denne føremiddagen har eg brukt på å baka CUPCAKES. Mellom 10.00 og 13.00 søv stort sett Aksel godt i vogga si, så då gjeld det og utnytta timane om det er noko som skal bli gjort. Idag var det baking, prøvebaking til dåpen som er om berre to veker. No er ikkje eg så erfaren når det gjeld baking, men sjølve cupcakesa vart heilt n y d e l e g e om eg må sei det sjølv. Toppingen smaka godt den og, men eg er ikkje kjempegod på dandering.

NAM! Til dåpen skal ha sjølvsagt ha dei i litt finare former. Dette er jo berre test.

Eg har liksom kjøpt meg sånn danderingsett, men lell. Det krever visst meir enn det :)

Så her ser det frukosten min idag, sundt og godt! :)

Nammenam!!!! :) Dersom nokon har lyst på er det fleire igjen! :)

onsdag 17. april 2013

PÅ LOFTET...

Ja, på loftet hos oss skjer det mykje rart. Kattane elskar jo å vera der oppe, men me har prøvde å stenge av med plast og nokre plater. Utan hell vel og merke.

No blir det ikkje lett for pusane å snike seg inn her lenger!!!

Det er krok på begge sider :)



Etter påske fann me ut at den svarte pusen hadde funne ein måte å komme seg inn på, og like gjerne valde å bruke det som toalett. Kjekt det. Heldigvis var det oppå eit teppe og ikkje oppi sengene eller rett på golvet, men det var nokre klattar der, så det er tydeleg at dette var ein ny trend for ho.

Sjuklingen vår <3

Den svarte pusen har igrunn lenge vore mindre nøgd med kassen sin, så no har me testa ein ny sand, ein sånn som klompar seg når den blir blaut. Fantastisk mykje betre enn den me har nytta til no og det er veldig enkelt å halda kassen rein. No renskar me den to gonger om dagen istadanfor berre ein og håpar den blir god nok for den kresne pusen.

Finaste guten <3

For sikkerhetskuld har Thomas satt opp ei dør i opninga til loftet, handymannen. Det kan jo vera ganske greit sånn generelt og det sidan me no nyttar det som gjesterom og. Og ikkje minst er det litt enklare å gidde å gå opp der når ein slepp å slite seg gjennom fleire lag med plast og plater og eg veit ikkje kva :)
Leiker og kosar seg!

Når me først er inne på desse kattane, så er den svarte pusen vår sjuk. Eller, den oppfører seg igrunn som den er frisk, men det er noko som ikkje stemmer så Thomas skal ta ho til vetrinæren idag, kryssar fingrane for at det ikkje er noko alvorleg og at det enkelt kan fiksast. Me er nemleg litt redde for at det kanskje kan vera noko etter steriliseringa, men håpar det kanskje er noko anna enn det.

Tittei :)

Ellers veks Aksel for kvar dag og er rett og slett blitt ein stor gut. No leiker han på leiketeppet sitt, smilar og ler når me syng for han og me merkar at me får god kontakt med han, skikkeleg kjekt! Det er litt uvant for meg å ikkje kunne vega han så ofte som eg gjorde, no kan eg sjølvsagt stikke bort å vege han når eg ønskjer det, men eg kan jo ikkje halde på med det for alltid heller. Neste kontroll no er sjuande mai, rett etter dåpen om omlag tre veker. Då er eg spent på kva dei seier :)

tirsdag 16. april 2013

HURRA FOR AKSEL!

Idag er Aksel komen i nettutgåva til lokalavisa heime, Sunnhordland. Han kjem nok i papirutgåva ein av dagane no tenkjer eg :)

Biletet er riktignok feil veg, men han er jo nydeleg uansett <3 data-blogger-escaped-br="">

http://www.sunnhordland.no/article/20130416/HELSINGAR_SUNNHORDLENDINGAR/130419923

søndag 14. april 2013

TV-STÅVE

No er det lenge sidan eg har blogga, det beklagar eg. Sidan sist har eg berre kosa meg mykje med Aksel og vore på Stord frå onsdag til idag.


Skikkeleg kjekt å vera heima hos mamma og pappa så lenge, har ikkje vore der sidan jul så det var verkeleg på tide no. På fredag var eg å feira 30årsdagen til ei venninne av meg så då var Aksel heime med mormor og besten. Det var første gong eg var vekke frå han sånn ein heil kveld, men det gjekk veldig fint, heldigvis.


Ellers har Aksel den siste veka søve heile natta gjennom (som er dersom han søv frå 23-06 eller lenger), til dømes så sov han fra 22 igår kveld til 07 idag tidleg, herleg for mor.

Lyst og fint :)

Eg stod opp tidleg idag og reiste heim til Bergen så snart det lot seg gjera så eg var heime allereie kvart på elleve på formiddagen og etter me kom heim har me fått gjort mykje her i heimen. Thomas rydda og styrte litt på loftet medan eg har laga TV-ståve i andre etasje. Eg må sei det vart riktig så triveleg der oppe og eg gler meg til å ta den i bruk.

Me må skaffa oss nokre større og betre puter her etterkvart :)

No er det ikkje lenge før Aksel skal i seng før oss, så då kan det vera greit å ha moglegheita til å vera i nærleiken, iallfall sånn i starten. Babysteps for mor :)

Førebels har me ikkje kanalar der oppe, me får sjå kva me gjer angåande det, så det får bli filmsjåing eller ting me ser på via dataen sånn i starten.


søndag 7. april 2013

NY BIL!!!!!!!

Sidan sist har me kjøpt oss ny bil. Ifjor lånte me svigerfar sin varebil i nokre månadar og etter det har Thomas drøymt om å kjøpa seg ein sjølv.

Me brukte bilen til alt mogleg, og no i oppussingsfasen er det ikkje tvil om at me treng ein. Så når det no endeleg passa slik var ikkje Thomas sein å be.

Idag har han tatt flyet opp til Ålesund og i skrivande stund er han på veg heim med den nye Toyotaen vår:) Dersom nokon treng ein Corolla er det bare å sei frå, me har ein til sals!






tirsdag 2. april 2013

URO I HEIMEN

Då var påska over for denne gong og kvardagen her med eit smell.  Nei, kven er det eg prøver å lure? Her er alle dager like, påske eller ei :)

Kjempesøt Uro.

Idag var me tidleg oppe då, Aksel skulle nemleg på seksvekerskontrollen sin idag klokka ni. Ein treng jo ikkje ha vekkerklokke på i dette huset lenger, ti på sju var det ein katt som sleika meg i anletet og mjaua febrilsk noko som eigentleg passa bra sidan eg planla å stå opp i sjudraget likevel.

Kjempesøt gut.

Aksel hadde ingen planar om å vakne då, så kvart på åtte blei eg nødt å vekke han. Vel borte på Helsestasjonen gjekk alt fint, ein perfekt liten gut (barnelegen sine ord) og eg er sjølvsagt einig i det. No vog han omlag fire og eit halvt kilo, endeleg tatt igjen pappaen si fødelsvekt etter sju og ei halv veke, vetle pjokken vår <3 :)


Over vugga :)


Så til overskrifta, eit vennepar av oss hadde kjøpt ein kjempefin uro til Aksel då han vart fødd og i helga fekk Thomas endeleg hengt den opp. Me valde å henge den i ståva, over vugga og litt ut frå veggen så ikkje pusane skal øydelegge den (perfekt katteleike).

Alle dei flotte dyra :)

Stor suksess og Aksel ligg allereie å kikker på den og babler litt for seg sjølv.