Tenk at det er jul igjen. Temperaturane har vore så låge denne hausten, at det slett ikkje kjennes som Desember. Mange stresser med gåver og alt allereie fra tidleg Oktober, men eg sjølv liker å spara det til Desember er her, får så julestemning av å gå rundt i julegatene og butikkane som er pynta til jul. Men akkurat i år kom aldri den julekjensla til meg. Det viktigaste er jo heilt klart at ungane har ei fin jul, og eg er ganske sikker på at Aksel og Johan kosa seg verre.
|
Ein forfjamsa gut som våkna til alle desse gåvene <3 |
|
Ein liten nissegut framfor gåvehaugen! |
Ein anna ting med jula er at eg og Thomas plar ha juleverkstad litt før jul, der et me julemarsipan, høyrer julesongar og pakkar inn gåver, så når dei på butikkane spør om dei skal pakka for oss seier me alltid "nei, takk". I år skal eg sei det beit meg bittert i halen då me alle saman vart skikkeleg ramma av influensa to veker før jul. Der låg me, me sikkert 30 gåver som skulle pakkast og ein del av gåvene var enda ikkje kjøpt inn. Vel, det vart jul i år og. Ein supersjuk (men dog smilande og blid som alltid) Johan i vogna og ei snufsen mor kjørte frå senter til senter eit par dagar før jul (ja, det var kaos), og me fekk tak i gåver til alle :-)
|
Tre flotte gutar, klare for middag :-) |
|
Aksel fekk opne ei julegåve mens me venta på middag. Det var eit fjernstyrt fly frå Bestemor og Bestefar, stor stas! |
Julafta feira me på Stord hjå mine foreldre (som vanleg), ein kjempefin dag, tross at mor i huset var noko redusert. Me starta med julesnop, juleblad og juleTV, fortsatte med julelunsj, kyrkjetur for så å heim å eta middag. Deretter var det høgdepunktet (til Aksel iallefall), gåvene.
|
Somme tradisjonar held alltid stand :) |
|
To ivrige gutar som opner Johan si første julegåve! (Ein gå-bil) |
I år starta me alt ein time tidlegare enn vanleg slik at gutane skulle få vera med på moroa. Johan kasta inn handuken ganske kjapt, men Aksel holdt ut til alle gåvene var pakka ut. Og då det var tid for legging var det ein lei seg gut som trudde han skulle legge igjen alt han hadde fått når me skulle heim att til "huset vårt". Vel, når me endeleg fekk klarhet i at alt skulle bli med heim, var det ein lukkeleg gut som sovna.
|
God Jul fra familien Ødegård/Ådnanes <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar