Me har jo alltid mange store og små prosjekter på gong her i Nygjerdet og sjølv om det som regel er inne det skjer så hender det at me prøver oss ute også. På framsida har det blitt ganske fint no med ny hekk og litt orden i beplantninga, men baksida av huset, altså sjølve hagen, har vore ein heilt anna sak.
Me har jo lenge tenkt at me ville gjera noko der, men det var vanskeleg å sjå for seg akkurat kva me kunne gjera for å få litt betre utnytting av plassen. Det er jo ein liten hage og litt ujamnt terreng. I haust når me var i Lillesand så snakka me litt om hagen og då vart min gode svigerfar litt engasjert og tilbaud seg å hjelpe oss.
I romjula skjedde det endeleg. Thomas og Dag har brukt hausten på å planlegge og Thomas fekk leigd seg minigraver og lastebil med sjåfør. Samt fekk han kjøpt inn det me trengte ellers frå jobben og me var klar! Det einaste som kunne sette ein stoppar for oss no, det var veret.
Dei starta med å grave opp langs den eine veggen her, for når me likevel skulle grave så kunne det vera greit å drenera litt i same slengen. Godt med alt som er gjort. Det starta allereie sundag ettermiddag då Dag var på plass i Bergen. Det var to store røtter i hagen som skulle bort, og det er litt arbeid sjølv om ein har graver. Med ein god start på sundagen låg alt tilrette for ein god arbeidsdag då mandagen kom.
Då var det å kjøre bort ein del med lastebilen og ikkje minst sjølve arbeidet med dreneringa. På eit tidspunkt denne dagen kunne det nesten sjå ut som dei hadde gapa over litt mykje mens det stod på og dei var usikre på om dei rakk å bli ferdig i tide (dei hadde berre tre heile dagar på seg).
Tysdagen kom og veret var verkeleg på vår side denne dagen. Ikkje altfor kaldt, men opplett og lite vind. Gutta stod på som berre det og fekk opp det eine lasset etter det andre til lastebilen som veksla mellom å kjøre til Sotra for og tømme jord og å hente pukk og grus som skulle på plass i hagen.
Det gjekk verkeleg unna og då onsdagen kom var det einaste som kunne øydelegge dagen vinden som ulte. Me starta tidleg og fekk akkurat kjørt to lass til Sotra før brua vart stengt, det er kjekt å ha marginane på riktig side av og til. Så var det berre å jobba på med å fylle i med grus og pukk til hagen fekk ei jamn og fin overflate.
Me sjølv er veldig nøgde med resultatet, og sjølv om det kanskje ikkje er dette dei fleste ville gjort med sin hage så har iallfall me fått ein hage me kan bruke og guttane har fått seg leikeplass. No gjenstår det berre å finne ut kva me skal fylle den med, kun fantasien set grensene.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar