tirsdag 15. desember 2015

PEPPERKAKEHUS - SNART ER DET JUL

Her om dagen var det tid for å lage pepperkakehus. Det har me aldri gjort før, så eg satte igong på dagtid slik at huset skulle vera klar til pynting på kvelden. Sjølve deigen kjøpte eg på Rema 1000 for 2,20 kroner. Ein må jo berre elska priskrig i juletida. Malen til huset fann eg på internettet og til å vera første gong så er eg ganske nøgd.

Til neste gong skal eg hugse at det lønner seg å vera nøye. Det er også viktig med jevne flater når ein kjevler ut og platene kunne vore hakket tynnare enn dei vart. Og pizzaskjærar var ikkje ideelt å bruka til utskjæring sjølv om ideen virka god der og då.


To spente gutar satte seg ned ved bordet då tida var inne. Eg hadde lima huset saman på førehand slik at me skulle unngå brannskader med sukkeret. Heldigvis er ikkje Aksel så vanskeleg og han synes huset var kjempefint og han gleda seg til å pynte det.


Aksel var veldig flink og spurte om lov til å smake litt på pynten undervegs, og det er jo lov å smake litt. Litt til kokken som eg brukar og seie.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar