Me starta ferien vår med ein tur bort på Kjekse. Det var berre meg og gutane, medan Thomas var igjen i Bergen for og jobba. Me var heldig med veret og hadde nokre flotte dagar der saman med Mormor og Bessi.
Aksel og Bessi matar Svanhild og Jakob. Dette er to svanar som ofte kjem inn i "baien" for å tigga etter litt mat. Aksel likte dei best på litt avstand :)
Når ferien til Thomas starta reise me ner til Lillesand og hadde to flotte veker der. Nydeleg ver og herlig selskap. Gutane storkosar seg saman med Bestemor og Bestefar <3
Me hadde heile tre turar til Dyreparken medan me var på Sørlandet. Så det får bli litt bilete derfra i eit eige innlegg. Ingen tvil om at det var populært for både store og små.
Johan smilar som vanleg <3
Aksel var litt småsjuk, så me var ikkje på stranda meir enn ein dag. Men ein veldig flott dag var det og me kosa oss alle saman.
Bare Bestemor får lov å ta bilete. "Isse du mamma, Bestemor!"
Stor stas å få lov til og sitta inni Bestefar sin traktor.
Ein kjempefin ferie som skapte mangen nye og gode minner.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar