søndag 26. april 2015

BETRE SEINT ENN ALDRI?

Det er faktisk ganske lenge sidan me var ferdig med oppussinga, men det er ikkje alltid så enkelt å rekke over alt ein ønsker så etterbileta har liksom latt litt vente på seg. Idag venta me litt besøk, så då nytta eg høve til å rydda sånn relativt bra og med fem minutt til overs så fekk eg tatt nokre bilete og.


Me har endeleg fått oss "hotellrom-puter", skikkeleg stas. Framleis kunne me tenkt oss ein sengegavl og her, men alt til si tid, som det heiter. Ellers har me tolv spotter i taket, så det står ikkje på lyset, og nattbordlampane er faktisk fra IKEA.


Me var lenge i tvil om kva farge me skulle ha på veggane. Etter mykje om og men kom me fram til fargen "kalkgrå" fra Sens og den har me vore veldig nøgde med. Me kunne liksom ikkje ha kvite vegger på grunn av dei profilerte listene, dei må liksom framhevast litt.


Herleg med eit heilt rom til garderobe. Enkelt å finne fram i kleda og så kan ein enklare halda soverommet ryddig (iallfall i teorien). Akkurat no har Thomas kontor her inne og, eg fekk ikkje tatt noko bilete av akkurat det, for der rakk eg ikkje å rydda :)



Me har ikkje fått hengt opp gardiner enda, enn så lenge bruker me nokre papp-plater (ja, det er heilt sant). Me synes vindausposten er så fin, og me er redd for å øydelegga den. Draumen hadde vore eletriske markiser på utsida, men hjelpes, alt koster penger så enn så lenge så blir akkurat det med draumen :)



I gongen har me gått for tapet. Kjekt med nokre veggar som har litt liv i seg. Lampane står i stil med lampen i trappeoppgongen som er original frå 1929.



Eit par bilete av trappa og, sjølv om me ikkje har gjort noko her akkurat. Men fin, det er den!


Blacky ville og vera med på bilete. Her er me inne på Aksel sitt rom.




Litt meir fargar inne på Aksel sitt rom, men sånn skal det vera på eit barnerom. Han har fått ein farge som heiter "sjøgløtt" også fra Sens. Eg var lenge i tvil om eg skulle ha kvite eller blå vegger her, men eg er veldig glad for at eg til slutt havna på blå. Aksel trives veldig godt her inne :)


Gongen sett frå trappa, første dør til høgre er badet, rett fram er gjesterommet, til venstre for det er Aksel sitt rom og det første til venstre er vårt. Og krakken i gongen bruker me til å sitte på når Aksel ikkje har så lyst å legga seg om kvelden :)

Dersom nokon vil sjå litt "før" bilete:

http://bertashus.blogspot.no/2014/03/pakking_17.html
Me reiv ner til det originale treverket i gongen og på gjesterommet i samband med badet, og ja, slik levde me i eit og eit halvt år!

http://bertashus.blogspot.no/2012/04/ryddedagen.html
Og her er det som no er soverommet vårt, me har satt opp ein vegg her for å lage garderobe i eige rom, i utgongspunktet var dette ei stor stove.


2 kommentarer:

  1. Så flott med mange bilder! Hilsen oss i sør- sees snart!

    SvarSlett
  2. Så fint det har blitt! Super inspirasjon for meg som skal gå i gang med å male selv :)

    SvarSlett