14. juni hadde me dåp for Johan her i Laksevåg Kirke. Ein kjempefin dag saman med familien. Sjølve gudstenesta gjekk veldig bra og både Aksel og Johan var rolige og flinke heile tida. Det var to dåpsbarn, Johan og Nora Emilie, så det var veldig god stemning i kyrkja.
Etterpå gjekk me heim til oss sidan me ikkje var så mangen. Veldig greit og koseleg å kunne ha festen heime. Me hadde bestilt snittar, kake og kransekake samt baka ei kake sjølv. Meir enn nok mat for å sei det sånn. Men slik skal det vera på ein sånn dag.
Veldig takknemleg for alle som ville feira Johan saman med oss <3
Denne kaka var berre heilt himmelsk. Saftig og god sjokoladekake med ikkje mindre enn fire lag med oreokrem inni. NAM. Den var laga av klubbvenninna mi, Maritha. <3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar