mandag 12. august 2013

OPPDATERT BILPARK

Ja, det går stadig litt lang tid mellom kvar oppdatering her inne, men eg skal nok skjerpa meg litt framover. Dagane flyg avstad og før eg veit ordet av det er det mandag igjen. Mandag er ein fin dag, då kan ein liksom starte litt om att om ting ikkje gjekk heilt etter planen førre veke, eller halde fram i gos stil frå veka før om ting faktisk gjekk som det skulle.


Førre veke var ei god veke for meg, sjølv om eg ikkje fekk gjort så mykje av det eg hadde på planen for veka. Eg og Aksel kosa oss ilag, samen med gode venninner og leikekameratar. Det vart berre ei økt på trening og både husarbeidet og Aksel sitt komande gutterom måtte la vente på seg. Litt av grunnen var rett og slett at me kjøpte oss ny bil, no skal Aksel snart over i stor-gutt bilsete og då innsåg me at Starleten vart for liten og upraktisk.

Me fann ein passande bil til sals her i Bergen, så då slo me berre til og satsa på at min bil ville seljast kjapt. Den nye bilen vart ein blå Ford Escort Atlanta frå 1996. Den er køyrt lite og har stått i garasje, så den er nesten rustfri. Me håper dette vert ein god bil for eit par år.

Starleten vart solgt etter eit par dagar og me gjekk faktisk litt i pluss på bilsalet, ikkje verst. No er den fine, gode, første bilen min på Bømlo og susar rundt. Det er litt godt å vite at den ikkje er så langt unna. Overskotet frå bilsalet har me allereie brukt på noko nytt til huset, kva det er kjem på bloggen imorgon eller onsdag. :-)

Og slik går det forresten med hekken, den har hatt ein fantastisk sumar og har altså vakse seg stor og sterk fram mot vinteren :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar