onsdag 31. juli 2013

I FERIEMODUS

No har me vore på ferie dei siste vekene, og herleg har det vore. Me kom heim forrige torsdag og eg må innrømma at feriemodusen framleis er inntakt.

Det heile starta fredag for to og ei halv veke sidan, me stappa det me fekk plass til inn i bilen, og når den var full stappa me inn guttebassen og to kattebur på toppen. Eller inn i dessertmagen som eg vil kalle det, enda kor fullt det er er det jo alltid rom for litt søtt, og om ikkje kattane og guttebass er i overkant søte så veit ikkje eg.


Etter litt feilkjøring fann me endeleg Kalothes Kattepensjonat og fekk avlevert kattane der, men ikkje tru at det vart betre plass i bilen av den grunn, for bura blei med oss vidare og me var vel komen til Halhjem før det gjekk opp for meg at me kunne stable bura inni einannan då dei ikkje var av same storleik.


Litt seinare på kvelden kom me fram til hytta der mamma og pappa venta på oss med god kvelds. Me overnatta her før me satte kursen vidare mot Lillesand tidleg dagen etter, altså laurdag. Klokka tre var me endeleg framme på Kosvik og gjensjånadsgleda var mildt sagt stor. På Kosvik venta to deilige veker med venner, familie, avslapping, båtturar, god mat og mykje glede. Me er heldige :-)


Forrige torsdag satte me kursen heimover att. Gutten har vore så flink og tolmodig i bilen og bilturane gjekk mykje betre enn forventa. Me stoppa på hytta hos mamma og dei denne gongen og, men me valde å ikkje sova over, men heller kome oss heim etter nokre timar der. Dagen etter var det nemleg dags for å hente dei to søte kattane heim fra ferien som dei hadde vore på.


Då me kom ut til katte-pensjonatet satt den eine pusen under ein krakk og såg noko utilpass ut og den andre hadde igrunn ikkje våga seg utanfor "buret" som dei budde i medan dei var der, så noko voldsom suksess var det vel ikkje for deira del. Dei er framleis små så det kan ver det går betre neste gong. Det er iallfall veldig greit at det finns ein stad der kattane kan feriere medan me er vekke og det var veldig triveleg der ute.

Så kom me heim og den svarte pusen er både forkjøla og slit med UVI, igjen. Og no er den stripete pusen og blitt litt forkjøla. Så her går det i penicillin og smertedempande for svartepus, stakkar.




1 kommentar:

  1. Fekk skikkelig feriestemning av bildene :) ser ut som dåke koste dåke masse!

    SvarSlett