Eg har ansatt to spreke gutar til sommerjobb på huset mitt, betalinga får dei i form av middag og cola. Fin deal synes eg. Igår var dei her og jobba, det var nemleg på tide å prøve og isolere desse røyra på badet vårt. Det gjekk mykje betre enn forventa og dei blei faktisk ferdige i løpet av ein ettermiddag, no er det berre litt maling som gjenstår, men då held det at berre ein av dei kjem.
Så gjenstår det berre å vente på minusgradene og sjå om det hjalp.
Ja, så har eg jo hatt han eine her til å male litt for meg tidlegare og, det blei veldig flott. No er han ferdig med det som skulle bli tatt på framsida av huset, så gjenstår berre gjerdet på baksida.
Og meg og Aksel, me har vore på hytta til mine foreldre nokre dagar no, skikkeleg balsam for sjela og Aksel kosar seg sånn med mormor og besten. Eg skulle gjerne vore der lenger, men pliktene kaller, det er mykje som skal gjerast før me reiser på ferie på fredag :-)
Åh, så deilig å få isolert røyra! Hadde så vondt av dåke i fjor. Så no håper me det aldri meir blir eit problem :) det er heller ikkje krise om vinteren blir litt kortare og mildare.
SvarSlett