onsdag 14. august 2013

NY SOFA

I det siste har det vore mykje sal overalt, mellom anna på Skeidar og Bohus. Det er jo ingen hemmelegheit at eg ønsker meg ein ny sofa, så eg vart jo gira med ein gong, lenge før me byrja å tenke på å skifte bil. Men sidan me sparar til oppussing og sånn måtte eg jo berre prøve å lukke augo og fortrenge dette salet då.


Så skifta me jo bil, og gjekk som nemnt litt i pluss på salet, og då kan de tru eg var snar om å smile fint til Thomas. Heldigvis for meg så er Thomas verdas mest fantastiske mann og han sa sjølvsagt at me iallfall kunne gå å kikke litt. Så på laurdag som var tok me oss ein tur ut i Åsane på sofajakt.


Det var mykje flotte sofaar rundtom og dei fleste me såg på kosta mellom tre og seks tusen, gitt vekk spør du meg. Men ståva vår er litt vanskeleg å møblere då den er litt liten og smal, så me kunne ikkje gå for ein stor sofa og valet var vanskeleg. Men så plutseleg, ut av det blå, så var den der - the couch!


Så igår var Thomas ute på Bohus etter jobb og henta den nye sofaen vår, den gamle har han allereie selt og kjørt bort (sa du effektiv?) så alt var klart her heime. Eg må jo berre sei at sofaen passa perfekt inn her hos oss, den er grå og heile stua fekk eit mykje lysare preg med ein gong. Og ikkje minst er den større og dermed betre og ligge å slenge seg på.

1 kommentar: