fredag 29. mars 2013

GOD PÅSKE!

Påsken er allereie godt igong og me har hatt det heilt strålande så langt. I palmehelga var me berre heime og slappa av og hadde skikkeleg familietid, det gjorde godt. Thomas var på jobb dei første tre dagane i påskeveka medan eg og Aksel kosa oss heime.

Far og son, liknar dei?

På tysdagen var eg borte på helstestasjonen for å vega Aksel, mi helsesøster hadde påskefri, men heldigvis er det sånn at ein ikkje treng å ha time for å gå bort å vege. Vekta står ute i "fellesarealet", så den kan me nytta når me måtte ønske og eg var ikkje den einaste som nytta meg av det, det var fleire andre der og som berre var innom for å sjekke vekta.

Kosar seg i familieselskap, ny jakke som mormor har strikka :)

Endeleg er Aksel over fire kilo, 4090gram var han no og milepælen er nådd. Det betyr at han hadde gått opp 340gram på ei veke, som er den største vektauka han har hatt så langt. Dette lovar godt!


Fra onsdag til idag (fredag) har me vore på Kjekse, altså på hytta til mamma og pappa. Fantastisk å komme bort igjen, der har eg ikkje vore på altfor lenge. Aksel kosa seg mykje med mormor og meg og Thomas har fått slappa litt av.

Pusen til Tor Olav var og med på hyttetur i påsken sidan Tor Olav sjølv er vekke på arbeid.

Medan me var på hyttetur var pusane heime aleine. Det hadde gått heilt fint, men ein av pusane hadde tydelegvis vore litt dårleg i magen, og det i seg sjølve er ikkje så galt. Dei brukar alltid å gå på do i kassen uansett, men denne gongen hadde den aktuelle pusen (uvisst kven av dei) funne ut at oppi korga til barnevogna var ein fin plass. DET var ikkje matmor vidare nøgd med akkurat. Heldigvis er Thomas på pletten og fiksa det med ein gong, den korga er nemleg av "tøy" så den måtte skurast rein.


Som belønning for å alltid vera så grei så fekk mannen påskeegget sitt ein dag for tidleg, i all hemmelegheit har eg handla inn godis og hadde laga klart eit egg til han, hihi. Han lurte på kor i alle dagar eg hadde greid å gøyme dette for han, men heilt ærleg var ikkje det noko problem akkurat, for det er ikkje kvar dag Thomas opner kjøkkenskapa. Knis :P


Framleis god påske til alle saman!




torsdag 21. mars 2013

LEIK OG MORO!

Det handlar om å kose seg for tida, og då må me jo absolutt leike litt og. Det er viktig at babyar får øve seg på å løfte hovudet sitt sjølv, for å bli sterkare i nakken sin. I den anledning fann eg ut at det var på tide å introdusere Aksel for leikematta si idag.

Kva er det du vil at eg skal gjera mamma???

Eg trur ikkje han heilt skjønte kva det var, mulig han er litt for liten enda, men han låg no å kravla der ei lita stund og då er jo iallfall formålet i boks.

Tutten <3

Ellers gjekk det kjempebra hos helstesøster på tirsdag, Aksel hadde gått opp 320 gram på ei veke og var heilt oppe i 3750 gram. Snart når han 4kg som er ein milepæl for meg. Neste kontroll no er seksvekerskontrollen som tek plass den 2. april, altså rett etter påske.

Veive veive :)

Me kosar oss så her heime for tida, det er så mykje kjærleik i dette huset atte hjælp. Når Thomas kjem heim frå arbeid held eg som regel på med middagen og blir alltid like glad for å sjå han. I tillegg er det to pusar som blir heilt i ekstase av at matfar kjem heim (då får dei nemleg kos). Og ikkje minst Aksel då, som alltid er glad for å sjå pappaen sin <3

Kattane leiker med eska, dei eeeeeeelskar esker!!

Korleis kan eg få plass inni???? :P

                                    Livet altså, det handlar om å nyte kvart sekund :)

mandag 18. mars 2013

SMAK AV VÅR

På andre sida av havet her bur me :)

FOR eit nydeleg ver me har hatt her i Bergen idag, og eg hadde ein avtale med ei venninne som og er i permisjon. Sjølvsagt valde me å gå tur i sola og det var bare heilt herleg. Turen gjekk inn til sentrum og ein runde rundt Nordnes, det var ganske kald vind ute, men akkurat ute på Nordnes var det heilt vindstille.


Meg og Aksel <3

Aksel var superflink og sov heeeeile turen, som i alt var på tre og ein halv time, og då var han jammen svolten når han vakna, hehe. Eg merkar at såå lange turar enda er litt for mykje for kroppen min, sjølv om turen var aldri så roleg. Gler meg til eg er på topp igjen, men eg får vel vera litt tålmodig enda :)

Nydeleg ver, men som sagt litt kaldt :)

fredag 15. mars 2013

DÅP

Det var ein merkeleg telefon og ta, telefonen til Kirketorget for å avtale dåp. Tenk at eg er nokon sin mamma no, det kjennes igrunn litt uvirkeleg, men litt meir virkeleg vart det etter at den telefonen var teken. No er det berre til å planlegge i veg.


Me var begge veldig einige om at Aksel skulle døypast i kyrkja, sjølv om ingen av oss er noko aktivt kristne. Det er liksom ein tradisjon for meg, og heldigvis for Thomas og. Sjølv om eg berre er i kyrkja ein gong i året, på julafta, så ser eg på meg sjølv som kristen, ein del av den kristne trua, og det sjølv om eg eigentleg ikkje trur så veldig på noko av det.


Femte mai er iallfall dagen det skal skje, og det blir her i nærområdet, nemlig i Laksevåg Kyrkje som ligg rett nedanfor huset vårt. Eg kan ikkje hugse eg har vore i nokon dåp før, ei heller har eg vore i Laksevåg Kyrkje, så eg lurar på om eg skal snike meg ned ein sundag snart, berre for å kikke.


"Festen" etterpå blir berre oppe hos oss. Eg trur ikkje me blir så mangen gjester og då blir det kanskje likegreit å ha det her. Eg gler meg mykje og har byrja så smått og kikke etter litt inspirasjon på internett. Eg har store planar om å bake blå kaker og lage fine dekorasjoner og pynt, men det spørs korleis realiteten blir, eg er ikkje den mest kreative sjela. Og eg kan definitivt ikkje bake, hehe.

Eg gler meg iallfall mykje. Den vakre sonen vår skal døypast <3






onsdag 13. mars 2013

TANNLEGE

Idag var det tid for besøk hos tannlegen, ikkje berre berre med ein baby på ein månad. Løysinga blei at Thomas måtte ta seg fri frå jobb og komme inn til sentrum og passe Aksel medan eg var i stolen.

Cool Dad :)

Tannlegen min prøvde for ENDTE gong å få meg til å trekke den siste visdomstanna mi, men eg vrei meg unna idag og. (Har vridd meg unna i tre år).  Femte april er eg dog tom for unnskyldningar og då må eg til pers. Det går nok fint :)

Fine Aksel som søv godt. <3

Det var jo nydeleg ver idag, så meg og poden tok det som ein trilletur og han sov heilt frå me gjekk heimafrå og til  me kom att. Flinke guten vår! Eg synes det var skikkeleg rart og vanskeleg å skulle gå fra Aksel midt i byen, tenk om nokon tek han? Thomas bare ler av meg, hehe :)


Og ho mor :)


mandag 11. mars 2013

EIN MÅNAD ALLEREIE

På laurdag som var var det allereie ein heil månad sidan Aksel vart fødd. Heilt utruleg kor fort tida går, samtidig kan eg ikkje heilt forstå at det berre er ein månad sidan heller, for no kunne eg aldri sett for meg at Aksel ikkje var ein del av familien, har han ikkje alltid vore her?

Fredag var det tid for veging igjen, og denne gongen hadde guten gått opp hundre gram på berre tre dagar, det er bra. Me skal tilbake imorgon og eg håpar så at han har gått opp minst like mykje no!

Ellers har me kosa oss glugg i helga, mine foreldre var i Bergen så meg og Aksel var på Bønes heile laurdagen, superkjekt. Igår hadde me eindel besøk her heime og no er det ei ny veke. Målet for denne veka er at eg skal prøve å køyre bil med Aksel, me har nemleg flytta bilsetet hans over i min bil no. Skummelt.

Også MÅ eg lera meg korleis eg slår saman vogna, kor vanskeleg kan det vera??? :)





Kosar seg med "tutten" :)

Tenkjer litt :)


Så søt <3

fredag 8. mars 2013

NUMMER 10

Det er ikkje berre store endringar som blir gjort på huset, det er nokre små og, og nokre veldig små. Det siste nye her er nytt nummerskilt utanfor.

Me vil jo gjerne sette vårt eige preg på huset, og slike små ting kan ha mykje å sei det og. Dette skiltet har me sjølv vald ut, det betyr noko for oss :)

Ellers kosar eg meg mykje med permisjonsdagane. Eg, Aksel og pusane. Sistnemnde byrjar å bli litt leie av å vera inne, me skal til vetrinæren med dei på mandag for å fjerne stinga, så det nærmar seg iallfall. Prøver å leike litt med dei kvar dag slik at dei får ut litt energi, det er iallfall noko :)

Om litt skal meg og Aksel på helstestasjonen for ny veging, spanande! :)

Det gamle skiltet.

Det nye skiltet, kva synes de?

Legg merke til pusen i vindauga :P Nokon som vil ut sa du??

Vårstemning i Nygjerdet 10 <3

tirsdag 5. mars 2013

TRILLETUR

Idag har me vore på Helsestasjonen for å vega Aksel igjen, han hadde heldigvis lagt på seg litt, men det skulle helst ha vore enda litt meir så her er det berre til å mate på. Det viktigaste er iallfall at han har lagt på seg då, det går den rette vegen :)

Eg hadde avtala å møte ei venninne på Helsestasjonen me skulle nemleg trille tur etter veginga, ho har ei jente som er nokre månadar eldre enn Aksel, det passer jo bra. Det var skikkeleg kjekt å gå tur, den første av mange trilleturar framover. Veldig godt å bevege seg litt, sjølv om eg kjenner det er lenge sidan denne kroppen har vore i bruk :P

For anledningen hadde eg kledd Aksel opp i den smekre mariusdressen som mamma har strikka til han, han er så flott i den og det gjeld å bruke den alt me kan no før den blir for liten.

Så må eg berre beklage dersom blogginga mi er litt einspora om dagen, Aksel ditt og Aksel datt, men så er det kun han det dreiar seg om no :)

Det vart ein liten fotoshoot når me kom heim fra tur! :)

mandag 4. mars 2013

TRE VEKER

Imorgon er det tre veker sidan me kom heim frå kvinneklinikken allereie, og idag er første dagen eg har vore aleine heime med Aksel medan Thomas var på jobb. Forrige veke hadde eg jo svigermor her saman med meg, og det var godt. :)

Me har hatt ein fin dag, våkna litt seint då, men eg har fått vaska nokre maskinar med klede, skifta på senga og rydda litt i heimen likevel. Og endeleg har eg fått gått gjennom litt av alle dei fine kleda Aksel har fått av alle som har vore på besøk, så mykje flott. Me er heldige me som har så mange fine mennesker i livet vårt :)

Imorgon skal me bort på Helsestasjonen igjen for å vega guten, eg er like spent kvar gong, men amminga går veldig fint no, så eg tenkjer det går bra. Eg er så takksam for den gode oppfølginga me har fått frå Helsestasjonen og frå KK etter me kom heim. Me har jo som sagt bare vore heime i tre veker, men imorgon blir femte gongen me er på kontroll.

Fine guten vår <3



fredag 1. mars 2013

GANGEN

Tenk at imorgon er Aksel tre veker allereie, tida går så fort. Alfor fort. Men jammen kosar me oss og, prøver å nyte tida alt me kan. Det går veldig fint med oss, og Aksel er så snill og god. Han har lagt godt på seg og, på tysdag var med på kontroll og då vog han 3110 gram. Då blir mor glad <3

Denne veka har me hatt besøk av Thomas si mor, det har vore kjempekosleg. Me nytta høvet til å få sterilisert pusane medan me var to her heime på dagtid, då fekk eg kjørt pusane inn medan ho var heime med Aksel.

Me måtte ta det over to dagar for dei hadde ikkje anledning til å ta begge kattane på ein dag, men det var eigentleg greit for me har jo berre eit kattebur. Det var første gongen dei gjorde noko kvar for seg, og ein merka dei var redde utan einannan, men det gjekk fint.

I løpet av dei første vekene då Thomas var heime med oss fekk han endeleg lagt ferdig golvet inne i gongen, det blei skikkeleg flott.

(Det vart litt kluss med bileta, men det øvste er ETTER og det nedanfor er FØR.





Dei må ha på seg slike "kattebodyar" for at dei ikkje skal rote i stinga.

Det er dei ikkje vidare nøgd med. :)