tirsdag 29. september 2015

NYE VINDU IGJEN


No har me skifta litt vindauge igjen. Det er ei stund sidan då, i starten av juni. Me skifta det på kjøkkenet og det store i ståva. 


Me måtte sjølvsagt ha kranbil denne gongen og. Dette vindauga var enda større enn det me har oppe, men levert av same leverandør. Altså det same vindauga, men me ei rute meir. 



Eg såg no når eg skulle legge inn bilete at dette bare var bileta av før/undervegs. Men det vart veldig flott her. No er alle vindauga nye forutenom dei fire i kjellaren og dei små her oppe. 


fredag 11. september 2015

TANNFRAMBROT


Johan har no fått sine første tenner og her om dagen fekk eg fanga dei med kamera. Han er framleis tidenes "happy-boy" og stiller meir enn gjerne opp med eit smil :-) Stor gutt er han blitt og, 17. september runder han eit heilt halvt år. 

Det er kjekt å sjå kor stor glede dei to gutane vår har av einannan og igår såg eg dei leika skikkeleg saman for første gong. Med bilar, sjølvsagt. Det smelta mammahjartet, me har ei kjekk tid framfor oss, det er heilt sikkert :-)

onsdag 9. september 2015

DEI TO FINASTE EG VEIT


DÅPEN TIL JOHAN 14.06.15



14. juni hadde me dåp for Johan her i Laksevåg Kirke. Ein kjempefin dag saman med familien. Sjølve gudstenesta gjekk veldig bra og både Aksel og Johan var rolige og flinke heile tida. Det var to dåpsbarn, Johan og Nora Emilie, så det var veldig god stemning i kyrkja. 



Etterpå gjekk me heim til oss sidan me ikkje var så mangen. Veldig greit og koseleg å kunne ha festen heime. Me hadde bestilt snittar, kake og kransekake samt baka ei kake sjølv. Meir enn nok mat for å sei det sånn. Men slik skal det vera på ein sånn dag.




Veldig takknemleg for alle som ville feira Johan saman med oss <3



Denne kaka var berre heilt himmelsk. Saftig og god sjokoladekake med ikkje mindre enn fire lag med oreokrem inni. NAM. Den var laga av klubbvenninna mi, Maritha. <3




SOMMEREN 2015


Me starta ferien vår med ein tur bort på Kjekse. Det var berre meg og gutane, medan Thomas var igjen i Bergen for og jobba. Me var heldig med veret og hadde nokre flotte dagar der saman med Mormor og Bessi. 




Aksel og Bessi matar Svanhild og Jakob. Dette er to svanar som ofte kjem inn i "baien" for å tigga etter litt mat. Aksel likte dei best på litt avstand :)



Når ferien til Thomas starta reise me ner til Lillesand og hadde to flotte veker der. Nydeleg ver og herlig selskap. Gutane storkosar seg saman med Bestemor og Bestefar <3



Me hadde heile tre turar til Dyreparken medan me var på Sørlandet. Så det får bli litt bilete derfra i eit eige innlegg. Ingen tvil om at det var populært for både store og små. 



Johan smilar som vanleg <3


Aksel var litt småsjuk, så me var ikkje på stranda meir enn ein dag. Men ein veldig flott dag var det og me kosa oss alle saman.


Bare Bestemor får lov å ta bilete. "Isse du mamma, Bestemor!" 



Stor stas å få lov til og sitta inni Bestefar sin traktor. 

Ein kjempefin ferie som skapte mangen nye og gode minner.