søndag 12. januar 2014

SPØRREUNDERSØKING: GOLV

I samband med oppussinga som finn stad til sommeren er det mange små og store beslutningar som skal takast, mellom anna må me velje kva golv me skal ha. Heldigvis vart me snart einige om kva type golv me vil ha, men kva farge me skal gå for er det verre med :-) Me har bestemt oss for å gå for heiltre av eik, dette golvet er veldig varig, det gir eit godt inneklima, det er hardt og motstandsdyktig, det ser bra ut, og ikkje minst er det litt ekslusivt. Og så er det jo golv av heiltre der oppe fra originalt av, furu riktignok, men det er jo på ein måte fint å erstatte det med eit nytt golv av heiltre om ikkje anna. (Akkurat no er det laminat på det eine rommet oppe, linolium på det andre også har me allereie reve ned til det originale golvet på resten.

Eg tenkte iallfall å ha ein liten avstemming her på bloggen, for å sjekke kva publikum meiner. Så no er det berre å stemme i veg folkens, kommenter kva for golv du synes er finast. (Det er lov å kommentera anonymt for dei som føretrekk det).

Det er kanskje ikkje så enkelt å få eit veldig godt inntrykk bare av bileta, men her er dei iallfall:

Eit bilete av alle tre mot einannan slik at ein ser forskjellane tydeleg. 

Forslag a)
Til venstre på biletet øverst

Forslag b)
I midten på biletet øverst

Forslag c)
Til høgre på biletet øverst

søndag 5. januar 2014

PLANAR FOR 2014

Nytt år, blanke ark. Planane for det kommande året er mange, som vanleg her hos oss, aldri eit keisamt augneblink her i Nygjerdet.

Ein roleg start på året der eg som mange andre tenker å trene meir, spise mindre og ta vare på dei rundt meg. Ver ei god mamma, bli flinkare til å legge bort mobilen, vera meir tilstades. Det høyres jo så enkelt ut, men det er skikkeleg vanskeleg, iallfall det med å spisa mindre og legga vekk mobilen. Eg skal iallfall prøve.

Thomas skal igong med bacheloroppgåva si denne våren, sprøtt å tenkje på at han er komen så langt allreie. Som mange veit studerer han økonomi på BI ved sida av jobben sin. I starten var han på skulen to/tre kvelder i veka fra fem til ni i tillegg til jobb fra sju til halv fire kvar dag. Det står respekt av det altså, for han har fått gode karakterer og. Eg skal innrømme eg gler meg litt til han er ferdig, for det er ikkje tvil om at det krev litt ekstra av han.

Men før denne oppgåva skal leverast så skal det skje ting på husfronten. Me skal pusse opp og snekkeren er bestilt til første veka i juni, innen den tid skal me ha reve ALT som er oppe i andre etasje (utanom badet, sjølvsagt). Puh. Planen er å starte rundt påsketider, men kjenner eg oss rett kjem me nok til å starte lenge før, iallfall på opprydding/flytting av alt som er der oppe.

Ein førebels plan er at me skal sove oppe på loftet mens det pågår, men me skal ha sengene våre så lenge som det lar seg gjera i andre for det er utan tvil enklast med tanke på Aksel. Det blir nok ein kaosheim her det første halvåret, men du og deg så fint det skal bli når det står ferdig.

Eindel planlegging gjenstår og ein del har me fått planlagt allereie. Eg gler meg iallfall veldig til me skal gå igong og den rosa arbeidsbuksa er klar!

I august er det barnehagestart for småen, og samstundes startar eg oppatt i hundre prosent på jobben. Eg ser for meg at hausten blir travel og me kjem til å henge fast i tidsklemma heilt fram til det er jul på nytt. :-)

fredag 3. januar 2014

2013

2013 har vore eit veldig fint og annleis år for oss. I starten på året vart med foreldre for fyrste gong, det største ein kan oppleve, uten tvil. Det har vore så fantastisk å følgje med på Aksel dette året, sjå korleis han har utvikla seg fra å vera ein bitteliten baby som berre kunne ligge stille, til å bli ein nydeleg liten stor gut som krabbar rundt på alle fire i den farten, reiser seg opp og spiser sjølv.


Det og bli foreldre er ein stor omveltning, den aller største dette første året vil eg sei er døgnrytmen. Du veit du er småbarnsmor når du våkner klokka åtte på morgonen og føler du har sove kjempelenge. Før var det gjerne vanleg å sove til tolv i helger, men no er me som regel oppe i sju tida. Me går heller nesten ikkje "ut" lenger, helgene blir som regel tilbragt heime i ståva og eg er i seng før elleve slik at eg skal vera opplagt til å vera ei god mamma for Aksel når dagen starter.



I mai hadde me dåp for vetle guten vår, ein kjempefin dag saman med familen. Det var ein stor dag og eg trur eg snakkar for oss begge når eg seier at me sjeldan har vore stoltare enn når me bar Aksel opp kyrkjegolvet. Ein rørande opplevelse.

Når sommeren kom reiv me opp Rhododendronane på framsida av huset og kjørte dei til Stord. Planen på sikt er å legge heller der istaden slik at me kan få brukt plassen når det er fint ver. Enn så lenge er det iallfall litt meir ope og lyst for dei som bur i kjellaren. Thomas og ein kompis fekk og lagt isolasjon inn i veggen der som baderomsrøyra våre ligg slik at dei forhåpentlegvis ikkje skal fryse på igjen.


Etter dette hadde me oss to nydelege veker hos familien på sørlandet. Det er vanskeleg å forstå at me fekk plass i bilen (me kjøre Starleten), men det gjekk veldig fint. Nokre turar bort på Kjekse blei det og tid til og Aksel trives der borte.


Hausten har me brukt til å kose oss med babysvømming og babysang, trilleturar og koselege stunder sammen som familie. Me har og byrja på planlegginga av det som skal skje oppe til sommeren. Me har laga budsjett, bestilt snekker og eletriker. Me er nesten einige om kva golv me skal ha og listene til taket er allereie produsert.



Andre ting som skjedde i løpet av hausten var at me solgte Starleten og kjøpte oss ny bil. Ein Ford Escort Atlanta, som til no iallfall har gjort godt inntrykk på oss. Me trengte fleire dører og betre plass. Rett etterpå kjøpte me ny sofa til ståva og, eit godt kjøp. I oktober fekk me endeleg ny ytterdør og, ein gledens dag!


Thomas har og fullført nokre eksamenar til på BI både på vår- og haustparten og no har han bare eit semester igjen så er han ferdig. Eg må innrømme eg er veldig stolt av det han får til :-)

Mot slutten av året kom eg endeleg skikkeleg igong med treninga igjen etter svangerskapet og det kjennes godt. No trener eg på Elixia på Laksevåg og der stortrives eg. Ein skikkeleg triveleg plass.

I desember har me kosa oss med førjulsting og Aksel har feira si første jul. Eg trur ikkje han skjønte så mykje av kva som skjedde, men at det var ein spesiell dag var det nok ingen tvil om. Han fekk mykje flotte gåver og var kjempetolmodig i kyrkja. Sjølve julekvelden sov han bort, akkurat det same med nyttårskvelden i grunn. Sov seg gjennom alle rakettane :-)


No er me kjempeklare for eit nytt år her i Nygjerdet. Mon tru kva det har å by på?