På fredag som var, den niande august, vart Aksel eit halvt år gammal. Seks månadar har allereie gått sidan han vart fødd. Det kjennes jo nesten som om det var i førre veke at me kom heim frå Storken med den vetle guten vår. Eg hugsar det iallfall godt enda, som om det skulle vore igår, alt som skjedde frå kvelden åttande februar og fram til no. Kvelden åttande februar når vatnet kom, så uventa og tolv dagar før termin, og me som satt som to fnisande ungdomar medan me venta på riene, og når riene kom så var ikkje ting like morosamt lenger, men me lo litt likevel fordi me var så nervøse. Og plutseleg var det over, for det gjekk veldig fort, og så var han her.
Eg hugsar og så godt telefonsamtalen til mamma, då eg skulle sei at no var ho blitt mormor til ein liten gut. Men så kom han meg i forkjøpet og sa ifrå sjølv og mamma vart heilt forfjamsa i andre enden. Tida på sjukehuset gjekk så fort og plutseleg skulle me heim, det var godt, men samstundes veldig skummelt. Kven skulle hjelpa meg med amming og sånn heime liksom? Men på sett og vis så gjekk det seg til det og, morsinstinktet er sterkt :-)
Idag har me vore på helsestasjonen på kontroll og Aksel er heilt perferkt. Han ligg akkurat der han skal sånn motorisk og vekta viser no 7,7 kg og lenga er 69,5 cm. Sånn ellers får han graut to gonger om dagen no, ein full porsjon om kvelden og ein liten porsjon på morgonen. Han sover heile natta gjennom frå sju om kvelden til omlag seks på kvisten. Så kviler han som regel to gonger i løpet av føremiddagen, han er altså glad i å sove. Når me et middag får han som regel eit nett med frukt i, og det er dagens høgdepunkt for tida, han elsker det :-)
Så det var litt om Aksel, den fine og glade guten vår. Så heldige me er <3